62 grader Nord hadde bygd opp Svinøy fyr til eit turistmål for ei lita, men betalingsvilleg gruppe turistar. Det var snakk om nokre få grupper i året som fekk oppleve Sunnmøre på sitt mest ekstreme.

Problemet er at store delar av Svinøya er naturreservat med sine vernereglar, og Fylkesmannen har difor sett ned foten for helilkoptertrafikk til Svinøya i samband med turisme. Trass i at Miljøverndepartementet opna for at ein kunne vurdere dispensasjon, sa Fylkesmannen no nok ein gong nei.

Dette blir anka både av Kystverket og av 62 grader Nord.

Styreleiar for 62 grader Nord, Knut Flakk, fortel at dei har lagt ned store ressursar i å bygge opp Svinøy fyr gjennom dei siste åtte-ti åra.

- Svinøya er ikkje det største produktet for oss i volum, men det er ein spydspiss og eit viktig produkt for oss.

Kjeppar i hjula

Flakk meiner det er hårreisande av Fylkesmannen å hindre denne turismen så lenge dei ikkje har dokumentasjon på at trafikken verkar negativt på fuglelivet.

- Eg har lite forståing for synspunkta deira og at dei stikk kjeppar i hjula for ei viktig reiselivssatsing.

Knut Flakk seier at ein må vege ulike forhold mot kvarandre og om skadeverknadene er store nok til å setje strek for denne turisttrafikken.

- Og det trur eg absolutt ikkje dei er.

Skeptisk

Fagansvarleg hjå fylkesmannen, Ola Betten, er skeptisk til turistflyging til Svinøy med helikopter.

Han meiner at det ikkje er heimel i verneforskrifta til å tillate dette og at det ikkje er grunnlag for å gjere unntak.

- Rett nok har Kystverket lov til å flyge ut til Svinøy, men det er for å kunne halde det viktige fyret i drift, seier han.

Ei anna side av saka er dette med å vere føre var av omsyn til fuglelivet på kysten. Han nemner i denne samanhengen Runde der fuglebestanden er under press. Dei har ikkje så stort kunnskapsgrunnlag om Svinøy spesielt, men utfrå det dei allment veit om området, meiner dei å vere på trygg grunn.

Svinøy fyr. Foto: STAALE WATTØ