Sist onsdag var politiet ute og jakta etter ein kvit plastbåt av typen Selva med ein 115 hestekrefters Suzuki påhengsmotor. Då politiet nærma seg båttjuven, stakk han av i stor fart mot Vigra. Båten vart stolen på Hareid helga i forkant.

På torsdag vart båten observert på ny, men heller ikkje då lukkast politiet å få kontakt med båtføraren.

Klokka 12 på søndag, vart båten funnen på Ellingsøy. Den var påført ein del skader og saka er anmeldt, melder operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Bytehandel

Til gjengjeld har ein båt som vart stolen i Ålesund for to veker sidan kome til rette i ei småbåthavn i Hareid. Også denne båten har fått nokre skader. Saka er anmeld, skriv Ødegård i politiloggen.