Dette er situasjonen etter at forsøket med å få staten til å ta heile rekninga låste seg.

Men arbeidet går føre seg politisk for å få løyst opp i situasjonen. Det vert vist til at både Stranda og Rauma, som er tyngst inne, har gode kontaktar i Frp og Høgre.

Selskapet som driv rasovervakinga har sendt kommunane tilleggsrekning for 2013. Den er på 7,9 millionar kroner. Fylkeskommunen må ta ein fjerdedel av dette, og Stranda må betale 2,3 millionar kroner, fordi dei eig 29,1 prosent.

Umogeleg

Rådmann Lars Joranger i Stordal, som legg saka fram for kommunestyret, skriv slik om rekninga: Det vil verte ein nærast umogeleg situasjon for Stordal kommune, og sikkert også for dei andre eigarkommunane, å ha slike årlege kostnader til denne beredskapen.

– Det samla budsjettet for Åknes/Tafjord Beredskap er på 33 millionar kroner i året, opplyser dagleg leiar Kjell Jogerud.

Statens ved NVE skal dekkje 70 prosent av utgiftene, men først trekkjer dei ut 3,8 millionar kroner som skal betale leasingavtaler med Rauma og Stranda for anlegg som er skaffa.

Det vil seie at NVE dekkjer 70 prosent av rundt 29 millionar kroner, og det vert 20 millionar kroner som staten betalar.

– NVE godtek ikkje av vi driv kommersiell verksemd. Det vil seie at dersom vi greier å tene ein million kroner, så trekkjer staten inn 700.000 kroner. Situasjonen er rett og slett fortvilt, seier Kjell Jogerud.

Han opplyser at departementet har instruert og låst NVE i saka, og raudgrøn-minister Borten Moe nekta å møte kommunane tidlegare i år.

Les fleire saker frå indre Sunnmøre her

Stranda

Også denne gongen er Stranda verst ute, fordi dei eig 29,1 prosent av prosjektet. Det vil seie fire millionar kroner totalt i utgift både i 2013 og 2014. Fylkeskommunen eig 25,4 prosent, Rauma – som har det rasfarlege fjellet Mannen – 10,9, og Norddal 9,5 prosent. Stordal eig berre 3,5 prosent, men det betyr likevel at dei må ut med 468.707 kroner berre i år.

Dei andre kommunane, mellom dei Ålesund, har kvar 5,4 prosent eigardel.

<strong>Fortvilt:</strong> Kjell Jogerud er dagleg leiar i Åknes Tafjord-prosjektet.
<strong>Går ikkje:</strong> Rådmann Lars Joranger i Stordal.