— Interessa for å delta i UKM har gått gradvis nedover dei siste åra, men så få deltakarar som i år kan eg ikkje hugse at vi nokon gong har hatt. Det normale er over 20 sceneinnslag, og film og utstilling i tillegg, seier Magne Fylling i Skodje kommune.

I 2016 var det 29 unge som deltok i kommunen.

— Alle dei åtte deltakarane i år er rekruttert frå kulturskulen. Konserten var vel verdt å få med seg, men vi må nok framover ta nokre grep for å klare å mobilisere enda fleire ungdommar til å bli med, seier Fylling.

Han trur ikkje at UKM har spelt ut si rolle som ein viktig arena der unge får vise seg fram, utan å måtte uroa seg for karakterar og poeng.

Andre arenaer

— Eg trur dette handlar om at unge i dag har mange andre arenaer å uttrykke seg på enn før, med framføringar på skule og i kulturskulen, Grand Prix og kulturkveldar. Det betyr ikkje at UKM har gått ut på dato, men at vi må bli betre i marknadsføringa. Tanken bak UKM er veldig fin, med mangfald og mønstring over heile landet, og moglegheit for å bli vidaresendt til fylkesmønstring og landsfestival. Så det er hos oss lokalt at vi må bli betre på å verve deltakarar. Det har dei klart i Ålesund i år, etter lav deltaking i fjor. Til neste år må vi i Skodje klare å komme oss tilbake til normalen vi også, håper Fylling.

Mini-konsert

Alle dei åtte deltakarane bidrog med song eller pianospel:

Andreas Altergodt, 14 år, song «Counting Stars» av One Republic.

Aurora Berg, 15 år, song «A Thousand Years» av Christina Perri.

Jonathan Strøgga, 15 år, song «Warriors» av Imagine Dragons.

Louise Undertun Aarhus, 14 år, spelte «Für Elise».

Mathea Rødseth, 16 år, spelte piano i to innslag: Med Sebastian Ulvestad, 16 år, på «Halleluja» av Cohen, og solostykket «Spring Time» av den sørkoreanske pianisten Yiruma.

Rebecca Emblem, 15 år, song «Meghan Trainor’s «All about that Bass».

Susanne Lauridsen, 16 år, song «Read all about It» av Emeli Sandé.