Avgjerda om å droppe anken er tatt i samråd med advokatar og norske styresmakter.

– Saka har pågått lenge og har vore og er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Vi har difor valt å ikkje gå vidare med saka i det russiske rettssystemet. Dette er ingen aksept for avgjerda, men vi har fått klare råd frå advokatane om at det vil vere vanskeleg å nå fram med saka i retten, seier Olav Remøy i ei pressemelding frå Fiskebåt, havfiskeflåtens organisasjon.

Les også: Kraftig kutt i russisk bot

Sidan 10. mai

Reketrålaren Remøy blei tatt i arrest av russisk kystvakt 10. mai i år, som følgje av at Fiskeridirektoratet hadde gjort ein feil ved utfylling av eit lisensskjema til russiske styresmakter. Fartøyet fiska på ei norsk kvote i russisk sone, og rapporterte dagleg fangstane til norske og russiske styresmakter, slik reglane krev.

Etter at norske styresmakter garanterte for eit kausjonskrav på 90 millionar norske kroner fekk Remøy forlate Murmansk. Mannskap og båt hadde då ligge tre veker i arrest i Murmansk.

Saka har deretter vore oppe for russisk rett fem gongar.

Les også: «Remøy» får millionbot fra Murmansk

Les også: Solberg om Remøy-bot: - Altfor høg

Dialog

Remøy Havfiske vil no gå i dialog med norske styresmakter for å avklare korleis dommen skal følgast opp vidare.

– Vi har hamna i denne situasjonen på grunn av ein feil som Fiskeridirektoratet har gjort. Vi tar det difor for gitt at norske styresmakter også tar ansvaret og ordnar opp, slik at mannskap og reiarlag får kompensert for tapet som vi har hatt som følgje av denne saka, seier Remøy i pressemeldinga.

Ifølgje dommen frå russisk rett er Remøy Havfiske i lagt ei bot på 5,4 millionar norske kroner og skipperen er i lagt ei bot på 2,7 millionar norske kroner