Runde kommune er død, leve Herøy og Sande. Det kan vere oppsummeringa etter eit sonderingmøte mellom Herøy og Sande kommune torsdag. Det var Sande som inviterte seg til Herøy.

– Vi er sjølvsagt glade for å få besøk, sa Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr innleiingsvis.

Dei to forhandlingsdelagasjonane var nøye med å framheve at dette var eit uforpliktande møte.

– Vi vil ha ein prat for å vurdere vidare grunnlag for opfølging og eventuelle forhandlingar med Herøy, sa ordførar Dag Vaagen i Sande.

Men på møtet kom det tydeleg fram at det er politisk semje både i Herøy og Sande om at det er naturleg å slå saman dei to kommunane.

– Eg har alltid hatt stor tru på Herøy og Sande, og var skuffa i førre runde det det berre var snakk om ein samarbeid mellom fem kommunar, sa varaordførar i Herøy Camilla Storøy.

Møtet enda med semje om å møtast igjen etter ferien. Samstundes vart det framheva at forhandlingar må forankrast i klare mandat frå begge kommunestyra.