To ferske Høgre-politikarar kan bli avgjerande når fylkestinget i Sogn og Fjordane, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Ifølgje kanalen blir Sonja Øvre-Flo frå Stryn og Anne Lilleaker frå Gaular ståande på vippen når fylkestinget skal behandle Fjord1-saka frå klokka 13 i dag.

Sævik-familien i Herøy eig i dag 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord, og er villeg til å ta saka heilt til Høgsterett dersom dei ikkje får nytte forkjøpsrett ved sal av aksjar.

Fylkesrådmannen har råda politikarane til å selje aksjane sine trinnvis til konkurrenten Torghatten.

– Om vi sel til Torghatten så har vi redusert eit av dei største selskapa i landet med hovudkontor i Sogn og Fjordane til ein filial, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes, ifølgje NRK.