- No føler vi at vi kan ta i bruk Allmenningen igjen, etter at det meste av byggeaktiviteten rundt hotellet er over.

Det seier Britt Paulsen i Frivilligsentralen, initiativtakar til eit par timar med vassaktivitetar i Fosnavåg sentrum, dagen før tv-aksjonen.

Herøy Dykkerklubb var fredag kveld nede på 20 meter, og laurdag viste dei fram litt av livet i havet, i fiskekummane på Almenningen.

Fosnavåg Pelagic hadde gitt sild som vart seld for fem kroner stykket, til inntekt for tv-aksjonen.

- Elles har vi ikkje nokon form for innsamling i dag, det blir i morgon, seier Paulsen, og oppmodar folk om å kontantar klare når bøsseberarane kjem ein gong mellom klokka 14 og 18.

Bergsøy skulekorps og Redningsselskapet Ung deltok også, i tillegg til to-tre kommunepolitikarar som stilte i rokonkurranse.

Få rotak etter startskotet knekte Sigurd Nygard (H) åra i kamp mot to andre i kommunestyret. Dermed vart det dømt omstart, der Nygard fekk berre ein motstandar, John Nerem (KrF).

Etter at Nerem leia frå start, tok Nygård bokstaveleg tala innersvingen då det var runding og var først i mål.

Småregn la ein viss dempar på arrangementet, men det var tydeleg at mange barn kosa seg.