Natt til 1. nyttårsdag blei det meld om rundt 45 brannar under nyttårsfeiringa på Sunnmøre.

I Giske kommune blei 21 personar evakuert frå heimane sine grunna ein større grasbrann på Valderøyfjellet. Alt tyder no på at nødbluss som landa i fjellet var årsak til at brannen starta.

Vil ha slutt på ulovleg oppskyting

På Sunnmøre har det vore tradisjon for at det blir sendt opp nødrakettar på nyttårsaftan. Dette er ulovleg.

– Det er ikkje tillate å bruke denne type nødbluss på nyttårsaftan. Når det blir gjort kan det få store konsekvensar, som det fekk på Valderøya nyttårsaftan. Slik pyroteknikk kan avgi stor varme og vere svært brannfarleg, seier Pettersen.

– Nødblussane skiftast ut regelmessig grunna bruksdato, men er framleis rederiet sin eigedom. I staden for å destruere det på sikkert vis, blir utstyret i realiteten ofte gitt til mannskap som tek det i bruk som fyrverkeri på nyttårsaftan. Det er ulovleg å bruke det på denne måten og dette er ein systemsvikt, meiner han.

Brannmester Aage Henriksen fortel til smp.no at nødrakettar ikkje er farlege i utgangspunktet, men at problema kjem når dei landar i skogen.

– Nødrakettar er ikkje farlege i utgangspunktet. Det ligg jo i ordet kva dette er. Så enkelt er det. Problemet er at desse skal brukast til havs. Det er ikkje råd når dei landar i skogen, men om dette er grunnen til brannen på Valderøy veit vi ikkje, seier han.

Få med deg siste nytt frå Nordvestlandet - lik smp.no på Facebook

Einig i kritikken

Tore Roaldsnes eig og driv tre fiskebåtar på Valderøy og fortel at dette med å skyte opp fallskjermrakettar er blitt ein tradisjon.

– Dette har vore ein tradisjon i alle år. Men eg veit at dette ikkje er avgrensa til fiskeflåten, men alle som har yrkesforhold til havet. Det blir tatt med heim og fyrt opp på nyttårsaftan. I alle år har dette pågått og ein har sett gjennom fingrane på det. Det er jo også ei trening i å skyte opp, som ein ikkje får ellers i året, og det er dette som er bakgrunn for tradisjonen, fortel Roaldsnes som likevel er einig i Pettersen sin kritikk.

– Det har jo komme forbod mot dette, men likevel skjer det. Slik som veret var i går var det svært farleg å skyte opp fallskjermrakettar. Eg skjønar absolutt kva Pettersen meinar. For det første er det jo ulovleg, og for det andre gjorde verforholda i går at det var ekstremt uforsvarleg. Hadde det vore snø og regn hadde det vore annleis, seier Roaldsnes. Han er ikkje i tvil om at bruken av fallskjermrakettar har hatt innverknad på brannane natt til 1. nyttårsdag.

– I går var det lite nedbør og det blåste mykje rett mot fjellet, i alle fall her på Valderøy. Det er svært truleg at fallskjermrakettar har utløyst brannane.

Vanskeleg å forfølgje

Å skulle finne ut kven som sendte opp nødrakettane på Valderøya blir vanskeleg.

Sjå timelapse-video av fyrverkeri i Ålesund og brannen på Valderøya

Natt til 1. nyttårsdag frykta brannkorpset ei stund at brannen kunne true bebyggelsen. Mykje røyk var avgjerande for at bebuarane øverst i Skaret blei evakuert til Valderøy barneskule. Pettersen fortel at enda fleire kunne blitt evakuert frå den andre sida av øya, om det ikkje hadde vore for innsatsen til dei lokale brannmannskapa.

– I totida i natt fekk dei tatt seg opp på fjellet ved omsorgssenteret gjennom vanskeleg terreng med hjelp frå lokalkjente folk. Der la dei ned ein formidabel innsats med å sløkke brannen. Det gjorde at vi slapp å evakuere folk frå Skjongskaret, seier han.

Eit bilde tatt like før midnatt. Minst 14 nødbluss over Valderøya. Foto: smp-tipser