Mariell Taraldset (14) såg måndag kveld ein ulv, då ho var på veg til Holskarsetra i Hornindal. Til Fjordingen fortel ho at ulven stod 20 meter frå henne.

– Eg skreik, bråsnudde og sprang det raskaste eg kunne. Torde så vidt å snu meg for å sjå om ulven fylgde etter, men stoppa ikkje før eg var nede på fylkesvegen, seier Mariell til avisa.

Mariell er sikker på at det var ulv ho såg. Ein dag tidlegare tok ho bilde av spor i snøen, som ho meiner er av eit rovdyr. Ein saueeigar som har gjetarhundar like i nærleiken, har også fortalt at hundane har oppført seg uvanleg siste dagane.

Rovviltkontakt i Nordfjord, Ingolf Folven, seier til Fjordingen at dette er ein svært truverdig observasjon. Det er vanleg at unge hanndyr blir utstøytt av flokkane sine på denne tida. Streifdyra er ikkje farleg for folk, ifølgje Folven.