Ingen har fasiten, og Vegvesenet har tidlegare anslått 500 kroner kvar veg.

No er det klart at det dyraste vegalternativet ikkje blir bygt. Og den endelege bompenge- taksten er det Stortinget som bestemmer.

– Ikkje bekymra

– Stortinget vil aldri vedta ein bompengepris som fører til at vegen ikkje blir brukt, for då vil Staten sitje med heile rekninga, seier Ole Helge Haugen, fylkesplansjef.

– Det betyr truleg også at den delen som staten finansierer må vere ganske høg – og det er jo ei utfordring, sjølvsagt. Men eg er ikkje spesielt bekymra for bompengane, seier Haugen.

Ferja pluss 40 prosent

Den enklaste delen av reknestykket er sjølve fjordkryssinga. Ferja kostar 76 kroner for personbil med rabattkort.

Ferjefritt skal det koste 40 prosent meir, seier Frank Sve (Frp), som sit i fylkets samferdselsutval. Det blir 106 kroner.

I tillegg kjem bompengar på nordsida og sørsida.

Minimumsutbygging

Ei minimumsutbygging på sørsida av fjorden er, ifølgje Sve:

• E39: Tunell mellom Vik og Skorgedalen. To km veg i dagen og sju km tunell. (Trasé 2.1B)

• E136: Veg frå Vik til Tresfjordbrua. Rundt sju km.

– Dette kjem kanskje til å koste 25 kroner begge stadene, anslår Sve.

På nordsida av fjorden skal vegstrekninga Julsundet-Molde få såkalla H5-standard.

– Bompengane her blir kanskje 50 kroner, spår Sve.

Så kjem bypakken for Molde sentrum, 25 kroner.

Også på austsida av Molde, Hjelset-Lønset, blir det bompengar, kanskje 50 kroner.

57.000 kroner ekstra i året

Så svaret på dette høgst foreløpige reknestykket er:

Med rabattkort vil bompengane for Møreaksen og ny E39 Molde-Ørskogfjellet bli rundt 200 kroner kvar veg.

Det er 125 kroner meir enn dagens ferjebillett.

For dagpendlarar blir dette 250 kroner ekstra kvar dag. Med 230 arbeidsdagar blir det 57.500 kroner ekstra i året – altså oppå det som i dag går med til ferjebillett.

– Eg trur vi ikkje er langt frå sanninga her, skriv Sve når han svart på kvitt får sett tala som han har anslått over telefon.

35 minutt raskare

Samtidig blir reisetida kortare. Med det som Sve her omtaler som ei minimumsutbygging, vil reisetida mellom dei to Møre-byane bli rundt 35 minutt kortare enn i dag. Då er det rekna inn fem minutt ventetid på ferja og 40 minutt overfart.

Er folk villig til å betale dette?

Det er foreslått 15 års nedbetalingstid. Svein Bråthen er forskingsleiar ved Møreforsking Molde og professor ved Høgskulen i Molde:

– Å hente inn ein milliard over skattesetelen kostar 200 millionar kroner.

– Så går det an å rekne på kva det samfunnsøkonomiske tapet blir dersom folk sluttar å bruke sambandet – og denne øvinga må gjerast for kvart enkelt prosjekt. Møreaksen har vi ikkje rekna på. Men eg ville anta at dersom ein skulle balansere det godt, så vil bompengenivået ligge, vil eg tru, vesentleg lågare enn det som har vore antyda, altså vesentleg lågare enn 500 kroner kvar veg.

– Kva med halvparten, 250 kroner?

– Det er mange ting som skal inn i eit reknestykke, eg vil ikkje kommentere konkrete tal, seier Bråthen.

Kva meiner du? Bruk kommentarfeltet på Smp.no.

Frank Sve (Frp), her saman med leiar for samferdselsutvalet i fylket, Kristin Sørheim (Sp). Foto: Arkivfoto: Geir H. Strand
Forsking: Svein Bråthen er professor ved avdeling for logistikk ved Høgskolen i Molde og forskingsleiar ved Møreforsking Molde. Arkivfoto: Kjell Herskedal Foto: Kjell Herskedal