Justin Phielen og Sandra Connell frå Irland hadde verdsarvstatusen med i berekninga då dei planla sin ferietur.

– Vi har vore på ei rekke andre verdsarvstader, mellom anna The Giant Causeway heime i Irland, fortel dei.

For dei er det er heilt fantastisk å oppleve Geiranger.

Paret er ein type turistnæringa kallar «medvitne turistar», som bevisst oppsøker stader med verdsarvstatus.

Kjem uansett

Jan Hajek frå Tsjekkia jobbar som guide, og er på tur med 38 syklistar frå Tsjekkia og Slovakia. Han fortel at det er fleire som er bevisste på verdsarven då dei vel å komme til Geiranger.

– Men eg trur eigentleg det ville kome folk uansett, legg han til.

Verdsarvstatusen kan ha hatt mykje å gjere med turistauka bygda har hatt dei siste ti åra. Men det er også mange turistar som har vore besøkande lenge før Geirangerfjorden kom på UNESCO-lista.

Nokre av desse er danskane Erik og Ammy Rafn. Dei har besøkt Geiranger i tretti år, og bur som vanleg på Geiranger Camping. Eit stort bilete av fjorden har dei også bakpå campingvogna si. Dei trur at verdsarvstatusen har satt Geiranger på kartet for fleire turistar.

– Geiranger hadde aldri hatt den utviklinga dei har hatt utan å komme på UNESCO-lista, seier Erik Rafn.

Miljøkonsekvensar

Men det er ikkje berre positive følgjer av den auka turismen. Merethe Løvoll Rønneberg ved Verdsarvsenteret i Geiranger seier at både lokalbefolkninga og andre har påpeika problem knytta til overturisme og miljø.

– Det er for tidleg å seier om det har negative miljømessige konsekvensar, men vi vil derfor få i gang undersøkingar. Det er god grunn til å sjå på det og ta det på alvor. Vi ønskjer jo at det også skal bu folk i verdsarvområdet, ikkje berre at det skal kome turistar hit, seier ho.

Fleire i turistnæringa i Geiranger gir uttrykk for at dei meiner turismen har gått for langt. Ei av desse er Synnøve Maråk, som er medeigar av Geiranger Camping.

- Det er til dømes ikkje nok parkeringsplassar. Plassane blir fylt opp med bussar, og alle cruiseturistane skal på guida turar. Det er mange som parkerer her utan å ta omsyn til at det er ein privat campingplass, forklarar ho.

Maråk meiner at turismen var meir handterbar for ti år sidan.

- No blir vi kvelt, seier ho.

Les meir om kva turistnæringa meiner om utviklinga i Sunnmørsposten si papiravis i dag 14. Juli.

Jan Hajek frå Tsjekkia jobbar som sykkelguide, og seier at det er mange som kjem på grunn av verdsarvstatusen. Foto: Alexander Worren