Ein fjellhammar som har losna gjer at fylkesveg 40 mellom Åmelfot og Innselset i Dalsfjorden i Volda kommune er stengd grunna rasfare.

– Ein stor stein har kome ned på vegen. Entreprenøren vår Mesta har sjekka fjellsida og funne ein fjellhammar som har losna 4-500 meter oppe i fjellet. Mykje av denne ligg på ein bergflate oppe i fjellet. Det er difor ikkje trygt å ferdast på vegen, opplyser Kjell Haukeberg i Statens vegvesen i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Statens vegvesen sin geolog må opp i helikopter for å sjekke fjellsida. Fordi det snart vert mørkt, blir ikkje denne synfaringa gjort før laurdag. Ingen er isolerte som følgje av vegstenginga.

15 kubikk

Sindre Kvangarsnes frå Folkestad passerte raset før vegen vart stengt.

– Vegvesenet seier steinblokka som kom ned på vegen er på rundt 15 kubikk, seier Kvangarsnes til Smp.no.

At skuleungane har fått juleferie og kome seg heim att, gjer at dette ikkje er den verste tida for å stenge vegen.

Han reknar med protestar over at fylkesveg 40 er stengt i helga.

– Det blir store protestar når vegen er stengd på grunn av ras, for folk blir så berørt. Men det må dei berre ha forståing for og respektere, sjølv om det til dømes spolerer kveldens julekonsert i Dalsfjord kyrkje. Dette berører halve kyrkja, seier Kvangarsnes.

Lokal statssekretær

Han takkar fylkestinget for at dei er positive til meir rassikring. Utfordringa går til statssekretær Jon Georg Dale, som kjem frå nettopp Dalsbygda på austsida av Dalsfjorden.

– Eg vil gjerne utfordre han på å doble den årlege rassikringspotten, frå ein milliard til to milliardar, seier Kvangarsnes til Smp.no.

Og Dale skal heim til Dalsbygda. Han reiser i morgon laurdag. Sidan han bur på austsida av fjorden og raset har gått på vestsida av fjorden, kjem han seg heim som vanleg.

Ei dobling av rassikringspotten kan han ikkje love.

– Men regjeringa har sørgt for større investeringsramme for fylka, sidan vi har auka rentekompensasjonsordninga. Staten kompenserer for renteutgiftene som fylka har for investeringar, med inntil to milliardar kroner meir. For Møre og Romsdal utgjer dette 131 millionar kroner. – Og så er det fylka som skal avgjere kvar det skal investerast, men signala fylkestinget har gjeve hittil er at dei vil prioritere denne strekninga, seier Dale.

– Blir det kjekt å kome heim jul om vegen vert rasstengt heile jula?

– Det er alltid kjekt å kome heim til jul. Dalsfjorden har vore rasutsett så lenge eg kan hugse og lenge før det. Og samferdsle eit av satsingsområda til regjeringa, seier Jon Georg Dale.

Sindre Kvangarsnes utfordrar statssekretær Jon Georg Dale (Frp) (bildet) frå Dalsfjorden.