Fredag går politiet ut og beklager at dei gjekk ut med feil informasjon kort tid etter dødsfallet. I dei første meldingane ga politiet uttrykk for at mannen vart teken på fersken med gjerningsmannens kjæreste.

Det stemmer ikkje.

– Kvinna har forklart at ho var kjæreste med den avdøde. Og det er også det inntrykket dei pårørande har hatt, seier politiadvokat Elin Drønnen ved Sunnmøre Politidistrikt.

– Også den sikta?

– Ja.

– Oppfatta feil

Rett etter hendinga tysdag morgon uttalte politiet sin operasjonsleiar at den sikta «hadde funne sambuaren sin i seng med mannen - som er naboen». Politimeisteren på Sunnmøre gjekk i dag ut og beklaga at dette vart sagt.

– Dette medførte at relasjonane mellom dei involverte partane kunne blitt oppfatta feil. Difor beklagar vi denne utsegna, skriv Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.

Les også: Mann døde etter voldsepisodeSiktelsen ikke skjerpet: Venter på obduksjonen

Reaksjonar i lokalmiljøet

Sunnmørsposten har gjentatt gongar dei to siste dagen spurt politiet om det verkeleg var slik at den sikta og kvinna var sambuarar, men har ikkje fått nokon kommentar. Sunnmørsposten kjenner også til at det har vore reaksjonar i lokalmiljøet på måten saka har blitt framstilt på.

– Kvifor har det gått såpass lenge før politiet stadfestar relasjonane?

– Vi ønska å få eit fullstendig bilete. Vi kunne ikkje gå ut med dette for vi var sikre på om det var rett, seier politiadvokat Elin Drønnen, som leiar etterforskinga.

– Kvar budde den sikta?

– Han hadde framleis felles bustad med kvinna.

– Så det betyr at han ikkje har budd nokon annan stad?

– Som det står i pressemeldinga: Dei hadde felles bustad, men forholdet var avslutta.

Gjennomgang av medieinstruks

I pressemeldinga frå politiet står det at «Sunnmøre politidistrikt har gjennomgått sin medieinstruks på nytt med operasjonssentralen for å hindre at dette skjer igjen».

– Kva ligg i dette?

– Vi endrar ikkje instruksen, men vi har vore tydeleg overfor operasjonssentralen på kva for rolle dei har, og kva dei skal uttale seg om. Det skal kun vere reine fakta, seier politimeister Jon Steven Hassedal.

– Samstundes gjeld det å hugse at det som vart sagt vart sagt tidleg i saka, då mykje var uavklart, seier politimeisteren.

Han stadfestar at dei pårørande har reagert på framtillinga av saka.

– For dei pårørande av den avdøde har det vore umåteleg viktig at det tragiske som har skjedd vert sett inn i sin rette samanheng. Det er vi samde i. Og difor går vi ut med denne beklaginga.