– Det brenn i eit eldre bygg. Ifølgje eigar skal det ikkje vere bebodd, sa Kjartan Molvær ved 110-sentralen til Smp.no klokka 9.30 torsdag morgon.

Overtent

Bygningen var overtent frå første sekund naudetatane var på staden, seier operasjonsleiar John Bratland ved politiet på Sunnmøre.

Han fortel at politiet fekk melding frå brannvesenet klokka 9. Politiet kjenner ikkje årsaka til brannen, men vil undersøyke åstaden seinare.

Klokka 10.40 melder politiet at det ikkje lenger er opne flammer på staden.

Siste nytt frå politieter at vegen er open, og politiet er ferdig på staden. Brannvesenet held framleis på med etterslukking.

Hengelås på døra

Ingen ting tyder på at det har vore personar i bygningen, men naudetatane har ikkje fått sjekka bygget for folk.

– Men det var ein hengelås på utsida, noko som tilseier at det ikkje er nokon inne i bygget, seier Bratland.

Foto: Leserbilde