Tirsdag informerte firmaet ABB dei tilsette om at det vil bli kutt grunna ein langvarig svikt spesielt i olje- og gassrelatert industri. ABB må redusere bemanninga med inntil 260 medarbeidarar.

Ifølgje administrerande direktør i ABB i Norge, Steffen Waal, er det ein tung dag.

– Vi har fulgt marknaden nøye og vurdert moglege tiltak over lang tid. Nedgangen har vore merkbar ei stund, og alt tyder på at den vil bli langvarig. Vi er difor nødt til å tilpasse organisasjonen vår til ein situasjon med eit lågare aktivitetsnivå, seier Waal i ei pressemelding.

Vikebladet Vestposten omtalte saka tidlegare, tysdag. Dei skriv at ABB i hovudsak reduserer talet på tilsette i Oslo, Ulsteinvik, Bergen, Stavanger, Skien Nord og på Billingstad.

– Produksjonen av frekvensomformarar i Ulsteinvik skal leggjast ned, og me kjem derfor til å redusere med inntil 20 tilsette, pluss 20 innleigde i Ulsteinvik, seier administrerande direktør Sindre Sætre i ABB Marine Norge til Vikebladet.

I tillegg skal PA Marine redusere med inntil 50.

– Dette vil skje ved ei felles nedskalering på Billingstad og i Ulsteinvik. Det er derfor uråd å seie kor mange tilsette i Ulstein som mistar jobben. Men PA Marine har totalt 300 tilsette, og der er ikkje snakk om at meir enn 50 skal gå, seier Sætre til lokalavisa.