-Dette var veldig kjekt. Eg visste ikkje noko før eg las det i avisa, smiler Inger Lefdal Kirkhorn som feirar med is og kaffi i sola utanfor bensinstasjonen på Grodås.

Feira med vin

-Eg feira med eit ekstra glas raudvin, smiler Grodås.

Kvivsveggeneralen

Fleire kundar kjem innom stasjonen denne morgonen og folk gratulerer kvarandre.

Trur veg blir flytta

Flagga vaiar i vinden bortover i Grodås sentrum. Gata er ein del av fylkesveg 60, og blir no også framtidig E39. Trafikken går allereie tett, med bilar både frå Kvivstunnelen og til/frå Hellesylt.

Sjølv er ho fødd og oppvaksen på Nordfjordeid, og har hytte i Stigedalen, like ved dagens E39.

-Så no blir det mindre trafikk forbi hytta mi, smiler ho etter regjeringa si avgjerd om framtidig E39-linje.

Vil klare seg

Elles er ho overtydd om at eidarane klarer seg – sjølv om E39 blir lagd i indre linje.

-Dei er vane til å jobbe og få ting til, seier Kirkhorn.

Bottolf Grodås hadde fått med seg E39-nyheita før han la seg måndag kveld, medan Inger Lefdal Kirkhorn las det i Sunnmørsposten si papirutgåve tysdag. Foto: Anne-Mari Tomasgard