Medan politikarar frå heile Sunnmøre drøftar ny kommunestruktur på møte i regi av Sunnmøre Regionråd i Ålesund, tek Sunnmørsposten turen til Langevåg for å lodde i folkedjupet.

Stor skepsis

Skepsisen til å verte ein del av Ålesund sit djupt.

- For oss er det heilt avgjerande å få vere herre i eige hus. Sula kommune klarer seg svært godt åleine, og eg registrerer at økonomien i kommunen vert styrt på ein svært god måte, seier Herlof Bjørge som har budd i Sula heile livet.

Kona, Reidun Alice Leknes, er fødd og oppvaksen i Hjørundfjorden i Ørsta, og opplevde korleis det var at Hjørundfjord kommune vart slått saman med Vartdal og Ørsta med verknad frå 1. januar 1964.

Vart sveltefora

- Dei første åra saman med Ørsta vart Hjørundfjorden sveltefora, og det meste av pengane gjekk til sentrum. Einaste unntaket var at det vart bygd ny ungdomsskule på Sæbø. Dermed slapp eg å bu på hybel i Ørsta, minnest Reidun Alice Leknes.

Ho legg til at Hjørundfjorden etter kvart har vorte meir tilgodesett enn heilt i starten av "ekteskapet" med Ørsta.

Uoversiktleg

Herlof Bjørge tykkjer heller ikkje at ein større kommune på Nordre Sunnmøre er noko å trakte etter.

- Ein sllik kommune vil verte svært uoversiktleg. Det ville ha vore noko heilt anna om det var snakk om eiin ny og større kommune på flate Hedemarken. Men her på Sunnmøre har det lite for seg å slå saman kommunar, meiner Herlof Bjørge som minnest tida saman med Ålesund fram til 1977 med gru.

- Desse åra var Sula ein gløymd utpost. Det ynskjer vi ikkje å oppleve igjen, seier Herlof Bjørge som tykkjer Sula kommune er ein god kommune å bu i.