Undersøkingar som vart gjort i 1998 og 1999 synte at aktivt fiskeri har sett tydelege spor. Dei fleste korallreva var skada av botntråling.

På dei grunnaste delene av området som vart undersøkt, var mange korallrev totalt rasert. På djupare vatn, ned mot 450 meter, har det vore mindre aktivitet og på denne djupna var korallreva mindre skada.

Følg smp.no på Facebook

På skift

Så langt i MAREANO sitt sommartokt, som varer fram til 27. juni,  har ikkje dei 14 forskarane frå Havforskingsinstituttet og Norges Geologiske Undersøkelser kome til område med korallrev.

Men det vert jobba døgnet rundt på skift, og i løpet av toktet reknar dei med å kome over korallrev.

Produktiv

Storneset er del av den produktive og artsrike kanten av kontinentalsokkelen, også kalla eggjakanten.

Riggen er vidare utstyrt med straummålar og ulike sensorar for å måle temperatur, saltinnhald og partiklar i vatnet. Botnprøver vert tekne med grabb, kjerneprøvetakarar, bomtrål og epi-bentisk slede, går det fram av ei pressemelding som er sendt ut.

Djupare ned i skråninga på rundt 700 meter er vatnet kaldt med heilt andre artar enn lenger opp i skråninga. Her ser vi medusahovud, glassvampar og småvekste blautkorallar. Foto: Havforskingsinstituttet
Ålebrosme med spisshale på rundt 700 meters djupn. Foto: Havforskingsinstituttet
Svampskog øverst i skråninga i sydleg del av området som vert undersøkt. I biletet ser vi mange svampartar, ei brosme og blautkorallen Gersemia. Brosme trivst godt på havbotn der den kan finne holer å gøyme seg i. Slike holer finn den på korallrev, eller som her i ein steinhaug. Foto: Havforskingsinstituttet