Nye reglar gjer det nemleg ulovleg å la dei kommunale TV-sendingane ligge ute meir enn to veker – dersom dei ikkje er teksta.

– Om eit opptak skal ligge tilgjengeleg i meir enn 14 dagar skal det vere teksta. Dette har vi per i dag ikkje ei løysing for, så for å møte lovkrava må vi ta dei vekk. Opptaka vert ikkje sletta, og er tilgjengeleg på førespurnad, men vi kan ikkje ha dei liggande på nettsida, seier kommunikasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Inger Johanne Moene, til Sunnmørsposten.

Både fylkeskommunen og mange kommunar brukar å sende politiske møte anten på Facebook eller eigne plattformer.

Lenge har dei berre kunne lagt ute, slik kven som helst kan sjå dei i ettertid.

No må altså kommunane og fylkeskommunen anten skaffe seg folk som kan tekste – eller berre arkivere sendingane.

I reglane til Tilsynet for universell utforming av IKT heiter det:

«Direktesendte videoer er i utgangspunktet unntatt fra kravene til universell utforming. For offentlig sektor gjelder imidlertid ikke unntaket absolutt. Dersom en direktesendt video re-publiseres, eller blir liggende på nettløsningen i mer enn 14 dager, endrer den rettslig status og anses for å være en forhåndsinnspilt video. Da gjelder kravene til teksting av forhåndsinnspilt videoinnhold.»

Denne delen av fylkestingsmøtet frå 18. november kan framleis ligge ute utan teksting, sidan det er under to veker sidan møtet. Foto: Skjermdump