– Eg trur det høge talet har fleire grunnar. Fleire har nok fått auga opp for sommarleir som den politiske verkstaden det er, seier fylkesleiar for AUF i Møre og Romsdal, Eldbjørg Lervik Osen.

Nasjonalt er over 1.000 personar påmeldt årets leir på Utøya, den første sidan terroråtaket i 2011. Frå Møre og Romsdal er det over 20 påmelde, noko som er fleire enn vanleg.

– Ein annan grunn trur eg at det er mange kjente fjes som kjem, mellom anna Gro Harlem Brundtland. Årets program kjem til å engasjere mange, seier Osen.

Riktig og viktig

– AUF har ei stor medlemsmasse, og det er mange nye medlemmar som har kome til, og som vil oppleve sin første leir i år, seier Osen.

– Uansett er det fantastisk at så mange har lyst å vere med på sommarleir, legg ho til.

Osen meiner det riktig og viktig å ta tilbake Utøya.

– Det skal bli godt å kome heim til Utøya igjen. Først og fremst skal det vere ein stad for

ungdommeleg engasjement, men vi skal også kunne minnast våre kameratar og lære framtidige generasjonar med AUFarar om det som hende 22. juli 2011.

Osen seier ho gler seg til sommarleir, men at ho har forståing for dei som ikkje kjenner seg klare til å dra tilbake endå.

Draum som har blitt verkeleg

Frå Sogn og Fjordane er det færre som skal til Utøya, berre fire personar. Men ifølgje fylkesleiar Åsmund Hordvik grunnar det i ein ungdomspolitisk nedgang i heile fylket.

– Vi er godt nøgde med at det er fire som reiser. Sjølv er eg i militæret no, men skulle veldig gjerne vore der, seier han.

Han skildrar det som ein draum som har blitt verkeleg at det blir sommarleir på Utøya igjen.

– For mange begynner Utøya si historie i 2011, men for AUF går historia så mykje lenger tilbake, seier han.

Han meiner det er viktig at dei har brukt dei fire åra sidan 2011 før dei reiser tilbake.

– Det er flott at det er så mange aktive medlemmar av AUF som vil vise at vi har tatt Utøya tilbake. Og at ungdommar engasjerer seg er eit godt teikn, både for AUF og for Norge, seier Hordvik.

Leiren varer frå torsdag til søndag, og onsdag var journalistar frå heile verda til stades.

Leiar i AUF Møre og Romsdal, Eldbjørg Lervik Osen. Foto: AUF Møre og Romsdal