Dette valet i USA har på alle måtar styrkt det mandatet George Bush har fått frå det amerikanske folket, eit mandat som var mindre enn syltynt ved valet for fire år sidan. Den gongen hadde Al Gore flest stemmer, men Bush hadde flest valmannsstemmer etter at USAs høgsterett hadde utropt han til valvinnar i Florida. I sin første tale til folket sa den nyvalde presidenten at hans første og viktigaste oppgåve ville vere å samle ein splitta nasjon. Dei orda gløymde han raskt og etter 11. september 2001var dei heilt borte. Ved dette valet har Bush fått mange millionar fleire røyster, han har eit solid fleirtal av amerikanske veljarar bak seg, han har eit klart fleirtal i begge kammer i Kongressen bak seg og republikanarane har eit fleirtal av guvernørane i dei amerikanske delstatane. Det er lenge sidan ein amerikansk president har eit så solid mandat i ryggen. Han har eigentleg fått bukta og begge endane. Det merkelege er at dette skjer trass i at nasjonen er endå meir splitta enn for fire år sidan. Nesten halvparten av veljarane er blitt styrkt i sin motstand mot Bush etter å ha sett den politiske kursen han har ført desse fire åra. Om han nå igjen skulle seie at han første og viktigaste oppgåve skal bli å samle nasjonen og lækje alle sår, så står han knapt til truande.Kan gjere som han vilNår norske politikarar nå vonar at George Bush i den siste presidentperioden sin skal bli meir samarbeidsvillig med resten av verda, så er det rein ønskjetenking. Når ikkje Bush har brydd seg med kva omverda har meint om hans politikk dei første fire åra av presidentperioden, der han visste at ein val kunne velte han av pinnen, så treng han i alle fall ikkje gjere det nå når han uansett ikkje skal stille til val på nytt. Den andre perioden er alltid den amerikanske presidentar får vist kva dei er god for. Då er dei blitt varme i trøya og slepp å ta omsyn til veljarane. Vi kan altså vente oss Bush-politikk og amerikansk åleinegang i endå sterkare grad enn før. Det betyr at USA for sitt vedkomande kjem til å skrinlegge Kyoto-avtalen, og at amerikansk våpenmakt dei neste fire åra kan kome til å bli brukt mot nye land som blir mistenkte for å hjelpe turistar. Det landet som er mest utsett i så måte er Iran. Bush vil nok sikkert gi støtte til Ariel Sharons ønskje om ein større del av Vestbreidda, og kanskje kan avklaringa med fire nye år med Bush gjere at palestinarane ser at dei uansett ikkje har anna val enn å forhandle. Andreperiodar for presidentar er ofte periodar med gjennombrot i fastlåste situasjonar og uventa handlingar. Då har dei ikkje noko å tape. Delt nasjonDet skumle ved dette valet er at det har forsterka inntrykket av at USA er ein delt nasjon ikkje berre politisk, men også kulturelt. Den kalde krigen gjorde at nasjonen såg sameint ut, men når trykket frå Sovjetunionen er borte, kjem dei gamle kulturelle skilnadene fram att. Det medfører at dei to partia som i stor grad har sine røter i desse kulturelle skilnadene glir lenger og lenger frå kvarandre. Demokratane har i stor grad sine røter i dei liberale og europeisk-orienterte statane i nordøst, mens republikanarane har vore mest rotfest i dei meir konservative statane i sør. Med Bush har det også kome inn eit sterkt innslag av moral og religion, og særleg moralske spørsmål som abort, homofili og familieverdiar har spelt ei langt sterkare rolle ved dette valet enn det ekspertane trudde på førehand. Det er i dei statane der slike spørsmål er viktige at folketalet veks sterkast, og ein ser faktisk også ein gryande tendens til at amerikanarar flyttar til statar som har ein moralsk majoritet dei kjenner seg heime i. Mens ordet liberal var eit heidersord for 20-30 år sidan, blir ordet i dag nærast brukt som eit skjellsord i amerikansk politikk. John Kerry fekk merkelappen liberal på seg, og han kjem frå det nordlege og liberale USA. Når ein tar det med i reknestykket så har han gjort eit fantastisk godt val. Alle demokratar som har blitt presidentar etter John F. Kennedy har kome frå sørstatane.Forelda valordningI det veldige landet USA finst der titusenvis av kommunar og tusenvis av det ein kan kalle fylke og der finst 49 statar. Det er ein eldgammal tradisjon at sjølv dei minste einingane avgjer korleis dei vil avvikle valet. Derfor finst det minst hundrevis av måtar å gjere det på, og sjølv innanfor kvar einskild stat er det stor variasjon. I nokre kommunar er dei så moderne at dei nyttar elektronisk stemmegiving, mens ein i andre kommunar nyttar holkort eller kryssar av på lister. Det har vore oppe fleire gongar forslag i Kongressen om å finne fram til nasjonale ordningar for gjennomføring av presidentvalet, men det har blitt avvist. Presidentvalet er nemleg berre eitt sv svært mange lokale val og avrøystingar som skjer samstundes, og desse er det dei lokale folkevalde forsamlingane som har hand om. Det er også meiningslaust at ein kan risikere at ein presidentkandidat kan ha fire millionar fleire stemmer enn motkandidaten og likevel tape valet fordi fleirtalet ikkje kom i dei rette statane. Det er lansert forslag om at ein skal velje valmenn i kvar stat gjennom forholdstalsval. I dag er det slik at den som får fleirtal i ein stat får alle valmennene. Ved forholdstalsval vil kvar presidentkandidat få sp mange valmenn som stemmeandelen skulle tilseie. Det er trass alt meir demokratisk.