– Målet for etterforskinga er å få ei oppklaring og stabilitet igjen i Volda.

Det seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta lensmannsdistrikt. Ifølgje Hagen har politiet full kraft i etterforskinga etter at ei ung kvinne natt til søndag blei overfalt i sin eigen bustad. Politiet omtalar hendinga som "grov kroppskrenking", men vil ikkje gå inn i detaljar om kva som har skjedd.

Måndag gjekk politiet ut og sa at dei ønskjer kontakt med personar som har vore i Volda sentrum frå klokka 02. til 03.30 natt til søndag. Politiet gjekk også ut med følgjande signalement av ein mann dei særleg ønskjer tips om:

Mannen hadde mørk caps, mørk jakke og lys bukse, var liten av vekst og mørkhuda, opplyste etterforskingsleiar Grete Hjelle måndag.

Overfallet skal ha skjedd i Halkjelsgata, i eit område med fleire leilegheiter og studenthyblar over butikkane. Mannen blei observert i vestre del av Halkjelsgate, springande i retning mot haldeplassen, seier Hagen.

Fått interessante tips

Ifølgje Hagen har politiet fått inn ein del nye tips og opplysningar, men ikkje gjort nokre gjennombrott.

– Vi etterforskar omfattande, og har fått inn ein del interessante tips og teke opp vitneforklaringar. Vi har nok å jobbe med, men framleis er det slik at vi ønskjer fleire tips, seier Hagen.

– Viss nokon har informasjon, kan det trygt delast med oss. Det er framleis viktig med publikum si hjelp, seier Hagen.

– Svært uvanleg sak

– Er det slik no at folk bør ta ekstra forholdsreglar?

– Nei, det vanlege i Volda no som elles er jo blant anna å låse dører. Der er eitt godt råd, men det gjeld generelt, sånn har det vore, og sånn er det no også. Då vil ikkje uvedkomande kunne ta seg inn så lett, seier Hagen, og legg til:

– Eg vil også presisere at den her typen saker er svært uvanleg. Eg kan ikkje hugse at vi har hatt noko liknande lokalt, seier Hagen.

Det som er meir vanleg i Volda sentrum er at det kan oppstå konflikt ute i gata, men det som Hagen omtalar som forulemping inne i hus, det er ikkje vanleg.

– Dei som har stått tett oppi det er jo påverka. Dei er skremde, seier Hagen.

– Etter mi vurdering så vil ei oppklaring gi stabilitet igjen i sentrum. På det grunnlaget er det framleis viktig at vi får hjelp frå publikum. Vi jobbar breitt, og gjer det vi kan for å finne ei løysing.

Guttorm Hagen er lensmann i Volda og Ørsta, og er driftseiningsleiar for Søre Sunnmøre. Foto: Knut Arne Aarset