Det er enorme ressursar politiet har sett inn etter at ein person vart funnen død i ei kommunal leilegheit på Bigset i Hareid fredag ettermiddag.

27 personar arbeider no med denne saka, der etterforskinga blir leia frå Ulstein og Hareid lensmannskontor i Ulsteinvik.

– Det er skadane på den døde som gjer at politiet meiner dødsfallet er mistenkeleg, seier konstituert politimeister Ingar Bøen.

Av omsyn til etterforskinga kan politiet ikkje gå ut med kva skader den døde har. Bøen uttrykker det som at den døde er påført skadar.

Politiet har ikkje konkludert med kven den omkomne er. Den avdøde er fredag kveld framleis i leilegheita. Teknikarar skal laurdag inn og finkjemme bustaden, med tanke på å få fram eit sikkert svar på kva som er dødsårsaka.

Ingen pågripen eller sikta

– Ingen er pågripen og ingen er sikta og ingen er avhøyrde som mistenkte,understreka Bøen på pressekonferansen i Ulsteinvik  fredag kveld.

 - To frå Kripos har fredag kveld kome til Sunnmøre. Til saman 27 personar jobbar fredag kveld med saka. I tillegg kjem ytterlegare sju frå Kripos natt til laurdag eller laurdag morgon, seier lensmann Odd Kulø til Sunnmørsposten.

Etterforskinga blir gjort av politiet på Sunnmøre, med bistand frå Kripos, som stiller med til saman ni personar innan taktisk, teknisk og datateknisk etterforsking.

Ber innstendig om tips

Politiet ber innstendig om tips frå publikum. Særleg er politiet interessert i observasjonar gjort mellom midnatt og fredag klokka 13.30.

– Vi er avhengig av hjelp frå publikum, og ber om at dei som har opplysningar som kan knytast til saka ringer politiet på 02800. Om dei er i tvil om eit tips er relevant, la politiet få tipset, oppmodar Bøen.

På spørsmål om det er samanheng mellom dødsfallet i Hareid og ein politiaksjon på Valderøy same ettermiddag, seier konstituert politimeister Ingar Bøen at dei fredag kveld ikkje ser nokBer innon samanheng, men at dei ikkje avviser ein samanheng.

Orienteringsmøte laurdag

Lokale lensmannsressursar, folk frå politidistriktet og Kripos er samla til eit orienteringsmøte i Ulstein laurdag morgon. Møtet, som starta klokka 9, har som føremål å leggje ein plan for dagen i samband med det mistenkelege dødsfallet på Bigset i Hareid fredag, melder NRK.