Vartdal Plastindustri AS er i ei positiv utvikling og ønskjer nå ytterlegere å auke  konkurransekrafta.

- Ved å kjøpe opp K-Plast på Hjelmeland skal bedrifta styrke posisjon sin i den norske emballasjemarknaden og leggje grunnlag for vidareutvikling av alle forretningsområda. Vartdal Plastindustri AS har sidan 2004 eigd 40 prosent av selskapet og tek no over dei resterande aksjane frå høvesvis AJ Investering AS og Aros Eigedom AS, skriv selskapet i ei pressemelding.

Naturlig utvikling

- Dette kjem som ei naturleg utvikling av eigarskapen vår, då vi ønskjer å styrke posisjonen vår i marknaden og dei tidlegare aksjonærane ønskjer å trekkje seg attende», seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plastindustri AS.

Han ønskjer å halde fram den positive drifta til K-Plast på Hjelmeland.

- Ved å arbeide tett saman med eksisterande og nye kundar håpar vi å kunne utvide bedrifta sitt potensial i regionen, seier han.

Synergieffekt

Med utvidinga i Ryfylke ønskjer også Vartdal Plastindustri AS å oppnå ein synergieffekt i heile konsernet.

- Dette vil vere ei styrking av heile konsernet som også opnar for vidare utvikling av produksjonen både på Vartdal, Ualand og no Hjelmeland, seier dagleg leiar, og held fram:

- Ved å utvide produksjonskapasiteten vår kan vi spisse ulike avdelingar for å optimalisere drifta, både med tanke på produksjon og innovasjon, noko som etter kvart skal kome både kundar og bedrifta til gode.