I lesarinnlegget i Vestlandsnytt fredag kjem tidlegare styremedlem Stig Remøy med forklaringa på kvifor han trekte seg frå styret i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS i januar i år.

Sprekk med 33 millionar

I slutten av mars, eit par månader etter at Remøyr trekte seg frå styret, blei det kjent at utbygginga av badeland i Fosnavåg har gått på ein kostnadssprekk på 33 millionar kroner.

Sjølv om Remøy er kritisk til prosessen, understrekar han at han framleis har positivt syn på Sunnmørsbadet og han synest ikkje det var feil å setje i gang.

- Eg har framleis positivt syn på badelandet, men ønskjer ikkje å vere delaktig og medansvarleg for eit så stort og krevjande byggeprosjekt, når eg ikkje er komfortabel med styringa, skriv Remøy.

Manglande rapportering

Og han utdjupar:

- Eg sat som medansvarleg utan å kunne kontrollere, påverke og sikre ei god nok gjennomføring av byggeoppdraget, slik eg ville forventa som medlem av styret.

Etter at kontrakten på bygget var signert, hevdar Remøy at styremøta i selskapet nesten var fråværande. I fjor haust måtte han sjølv be om styremøte for å få status for prosjektet.

Det var tilnærma ingen rapportering til styret om framdrift og kosnader, skriv Remøy som då foreslo månadlege styremøte. Men verken i desember eller i januar var det styremøte i selskapet.

Medeigar

Herøy kommune eig 70 prosent av Sunnmørsbadet Fosnavåg AS. Stig Remøy sitt selskap Olympic Shipping, eig vel sju prosent.

I lesarinnlegget trekkjer Remøy fram at han som aksjonær heller ikkje er blitt orientert om overskridingane i byggeprosjektet og korleis dette skal løysast. Han skal berre ha blitt orientert gjennom media.

Ønskjer ikkje å kommentere

Styreleiar Arnulf Goksøyr i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, som også er ordførar i Herøy kommune, blir ikkje namngitt i lesarinnlegget. Men som styreleiar ligg det i korta at kritikken er retta mot han. Goksøyr vil likevel ikkje kommentere lesarinnlegget.

- Eg har ingen kommentar, seier Goksøyr til Sunnmørsposten.

- Men det er sterk kritikk mot deg?

- Ja. det er det, vedgår Goksøyr.

- Kjem du til å svare på lesarinnlegget i lokalavisa då?

- Nei, seier Goksøyr og legg til:

- Eg skal byggje badeland og prøve å få det til, så får andre styre med sitt.

Søkjer om meir pengar

Sunnmørsbadet har sendt søknad til Herøy næringsforum om meir pengar. Søknaden er på 30 millionar kroner.

Stig Remøy er også inne på dette i lesarinnlegget sitt.

- Dette er trist. Det er mykje som kunne vore gjort for desse kronene, skriv Remøy.

Han trekkjer fram at det er næringslivet i Herøy som har skapt dei såkalla RDA-midlane.

- Det bør visast betydeleg meir respekt for bruk av pengar som nøysamt har blitt bygde opp over tid, avsluttar Remøy.

Det har ikkje lukkast Sunnmørsposten å få Stig Remøy i tale om saka.

Tidlegare styremedlem Stig Remøy skriv i eit lesarinnlegg i lokalavis om kvifor han trakk seg frå styret i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS.