Det seier lækjarane Yngve Müller Seljeseth i Ålesund og Guttorm Eldøen i Molde.

–Dess fortare folk kjem på sjukehuset dess større er sjansen for å kome seg, seier dei.

Petra Bakkely er i arbeid att etter slaget i april i fjor. Ho broderer også bunader og syng, men ho måtte øve seg opp att.

–Men eg vert nok fortare trøytt enn før, seier ho.

Ho og mannen køyrde gjennom Hareid midt på dagen då det kom som ein støyt i kroppen hennar, og ho seig ned til høgre sida.

– Du vart så stille, seier han og det einaste eg greidde å svare var ordet: Dokter. Han skjønte at no hasta det og vi køyrde til lækjarkontoret. Ein av lækjarane der slo full alarm og varsla helikopteret, og etter 45 minuttar låg eg på benken på Sjukehuset i Ålesund der dei sette i gang behandlinga, fortel Petra Bakkely.

Heile tida var ho ved medvit og fylgde med i kva som vart sagt og kva som skjedde, men ho greidde ikkje snakke.

– Eg var ikkje redd, og Herren var med meg. Det er eg heilt sikker på, seier ho som legg til at det var også helsestellet.

Fort til behandling

– Å kome fort til behandling er viktig, men symptoma på hjerneslag kjem som lyn frå klar himmel, seier lækjarane Yngve Müller Seljeseth og Guttorm Eldøen.

Symptom kan vere at folk mister synet på eine auga, dei kan få problem med å snakke og folk kan verte lam i hand eller fot. Eine sida av kroppen er ofte ramma.

– Hjerneslag gjer sjeldan vondt. Folk har ikkje smerter etter slag, fortel dei.Omlag ein fjerdedel av dei som får slag får det om natta og merkar at noko har skjedd ved at dei ikkje greier reise seg. Då hastar det å kome til behandling.Det hender at folk får eit lite slag og så går det over og ein kjenner seg fin att.

– Men dette kan vere eit varsel og då er det berre å ringe 113, for det lette slaget kan etter noko timar verte fylgt av eit kraftig slag. Då er det best å vere under behandling, seier lækjarane som er klar over at folk kan slå alarm utan grunn. Men det er betre å varsle ein gong for mykje enn ein gong for lite.Fort til behandling er hovudsaka, og det aller beste er å få hjelp innan ein time. Men mange av dei som får hjelp innan fire og ein halv time kan verte frisk att.

Dei fleste slagpasientar kjem for seint inn til sjukehuset. I heile landet får rundt 15 000 personar slag kvart år, og i Møre og Romsdal er talet rundt 500.Mest vanleg er det at eldre folk vert ramma, men slag kan også ramme folk i 40–50 åra og jamvel unge folk.

Det er ulike typar slag og det er viktig at folk kjem til sjukehus og vert undersøkt for å finne ut kva behandling dei treng.

– Fire og ein halv time etter slag er ei grense, men det tek 18 timar frå eit slag byrjar til det har gjort seg ferdig, fortel dei. I den fasen er det viktig med god behandling. Det er viktig å redde funksjonane. Folk som har sukkersjuke må kome seg til sjukehuset fort uansett.Ålesund og Molde sjukehus har innført eit alarmsystem som inneber at alle som er på arbeid og som kan utføre noko står klar når pasienten kjem flygande inn.

Forstår ikkje

Alle sjukehus kan ta seg av folk som får hjerneslag, men kvart minutt tel for å kome seg dit. Men det er ikkje nødvendigvis avstand som gjer at det går for lenge.

– Diverre ser vi for ofte at folk ikkje reagerer og ringer 113 før det har gått ei tid, fordi verken dei sjølve eller folk rundt dei ikkje skjønar at dei har fått eit slag. Dermed vert sjansen mindre for å overleve og å kome frå dette utan varande mein, seier nevrolog Guttorm Eldøen i Molde og geriater Yngve Müller Seljeseth i Ålesund.