Raset fylte kjellaren, og kvinna som budde i huset kom seg ikkje ut med eiga hjelp. Men ho klarte å ringje til politiet og gje beskjed om kva som hadde skjedd.

Operasjonsleiaren hos politiet i Ålesund fortel til smp.no at politipatruljen som rykte ut frå Ørsta/Volda på veg til Vartdal vart hindra av fleire jordras som hadde gått over vegen.

Huset i Årsetdalen som vart fylt av jordmassar ligg midt i dalen, der vegen deler seg i to og går parallelt på begge sider.