Vinnarbedrifta presenterte Søppelbøtta «Åge», som har ein funksjon som komprimerer avfallet to gongar i døgnet. I tillegg tilbyr dei eit kunnskapskurs som er personleg tilrettelagd for kunden.

EasyWaste SB går dermed vidare til NM for Studentbedrifter 8.–9. juni, melder Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Til NM skal også studentbedrifta Akrida SB, som har mål om å vere den fremste produsenten av insektbasert mat i Norge. Bedrifta har eit Ålesund-produsert produkt som heiter «Hoppers», og er eit snacks laga av norske sirissar.

EasyWaste og Akrida er vidare til NM for studentbedrifter. Foto: Pressefoto