Kjartan Spidsberg og familien hans sitt eventyr på Torvholmen starta med at innlandsfamilien ønskte seg ein feriestad langs kysten. Dei tenkte helst Strømstad og nedover svenskekysten. Tilfeldigvis bladde dei gjennom Aftenposten som hadde annonse om kystens perle og spørsmål om ein ville eige si eiga øy?

Annonsen dukka opp i fleire aviser og til slutt ringde Spidsberg til meklaren og bad om å få prospektet. Det vart visning i juli og høgsesongen for turistverksemda i Gudbrandsdalen så noko tur til Sunnmøre var det ikkje tid til.

– Men vi hadde no litt tilknyting til her, barna hadde vore på leirskule på Runde, så vi visste litt.

Kjøpte usett

Då bodrunden starta, ville ikkje Spidsberg vere med i kampen med mange kjøparar, men då berre to andre stod igjen, så heiv han seg på. Og så kom telefonen frå meklaren:

– Du har vorte væreigar.

Kjartan Spidsberg hadde vorte eigar av Torvholmen.

– Og eg kjøpte usett. Eg hadde aldri vore på Torvholmen. Men eg veit alt om gamle hus og at ein treng både pågangsmot, arbeidslyst og litt pengar.

I 1999 starta det møysommelege arbeidet med å få Torvholmen om til ei turistperle.

– Eg veit ikkje kor mykje tid og arbeid eg har lagt ned. Eg burde vel ha skrive det ned, men då hadde eg fått hjarteinfarkt av å sjå det, ler han.

Klar for å satse vidare

Femten turar i året har det vorte. Minst. Og no var han og kona Wenche Lia Spidsberg klar til å la sonen Sindre ta over meir av drifta i Gudbrandsdalen slik at dei sjølve kunne vere endå meir på Sunnmøre og Torvholmen. No skulle den siste finishen gjerast, rosebusker og finsnikring. Morelltre og jordbærplanter var alt kome på plass.

Laurdag låste han dørene på Torvholmen og reiste heim etter sitt siste besøk. Tirsdag kveld kom telefonen. Det brenn! Dei som var på holmen prøvde å sløkkje, men det fanst ikkje vasstrykk. Utover kvelden åt flammane seg gjennom naust og sjøbud og til slutt hovudhuset frå 1904.

– Det er så trist at eg ikkje har ord.

Onsdag morgon sette Kjartan og Sindre seg i bilen heime i Ringebu. I bilen kima telefonen heile tida. Det var vener, kollegaer og journalistar. Han sa det same til dei alle; at han var glad for at det ikkje hadde gått liv. Og at han var glad for at det ikkje skjedde for nokre veker sidan då det var så tørt.

– Då hadde heile holmen vore ei einaste branntomt. No står trass alt nokre av husa uskadde tilbake.

Historiske verdiar

I bilen på veg oppover fekk Spidsberg også tid til å sjekke nettsider og sjå bilde av korleis det såg ut på Torvholmen etter brannen.

– Så eg var godt forberedt mentalt og eg tek dette med fatning, men det er tragisk. Og eg tenkjer først og fremst på dei som har budd her før og det som var her etter dei og som no har gått tapt. Det vi hadde i naustet var ting som folk har brukt tid og krefter på, smidd og snikra i hop, for å overleve her ute i generasjonar. Det er det verste.Spidsberg tenkjer også på alle åra han har arbeidd på Torvholmen.– Det har vore ei glede for meg å restaurere, setje i stand og oppgradere. Det skulle sjå skikkeleg ut.

Klar

Etter ein tur på haugen der han har stått med hendene i bukselommene og sett på branntomta etter sjøbudene er han klar.

– Dette skal oppattbyggast slik det var.

Han forsikrar om at straks han har fått avklaring med forsikringsselskapet og fått i stand kaia, så startar han.

– Eg kan vere klar i morgon for min del.

Spidsberg vil lage fasaden på det nye hovudhuset slik det gamle var.

– Det vil sjølvsagt ikkje bli som før, men vi må prøve. Eg vil også få tak i mest muleg av gamle gjenstander som vi kan pynte med. Nei, no skal vi rydde, bygge kai og så får vi ta det derifrå.

Sindre Spidsberg (t.v.) er klar til å ta over meir av familien sine turistverksemder i Gudbrandsdalen medan planen var alt før brannen at Kjartan Spidsberg skulle satse meir på Torvholmen. Foto: Torill Myren
Mykje av fasaden på hovudhuset stod igjen og på kjøkenet der redningsskøyta hadde nådd tak med vatn, stod møblane uskadde, men baksida av huset er heilt utbrent. Foto: Torill Myren