Det sa direktør Torbjørg Vanvik i torsdagens styremøte i Helse Midt-Norge, der ho orienterte om sjukehusa i Møre og Romsdal.

Overkapasitet

Her er samla overkapasitet for akuttberedskap ved alle dei fire sjukehusa, men ikkje nok pasientar til å drive sjukehusa døgnet rundt. Dermed er det ikkje nok inntekter, og den store ståande beredskapen som kostar pengar, medfører at det går ut over andre ting som befolkninga treng meir.

– Vi må styrke ressursbruken på det folk faktisk treng, og ikkje halde fast på strukturar frå før i tida, sa ho som påpeika at akuttberedskap og fødetilbod har med folks tryggleik å gjere.

- Vanskelig å få full effekt

Ho viste såleis til at det er gjeve politiske pålegg om at dei ikkje har lov å endre på akuttberedskap og fødeavdelingar.

Ho kom også inn på arbeidet med å få driftsutgiftene til sjukehusa i Møre og Romsdal i samsvar med inntektene, og opplyste at det er vanskeleg å få full effekt av sparetiltaka.

Såleis har det vist seg at ynske om å spare ein sum berre har gjeve 71 prosent effekt. Det vil seie at dersom dei må spare 100 millionar kroner så må ein gå inn for tiltak som kostar meir enn dette, for å oppnå den nedskjeringa ein eigentleg vil ha.

– Vi må finne fleire tiltak dersom effekten ikkje er god. Derfor må vi ta nye rundar, sa ho.

Driftsunderskotet for sjukehusa i Møre og Romsdal har vore ei gjengangarsak i årevis.

Les meir i papiravisa i morgon: Ålesund sjukehus held ikkje fristar