Dette sa ordførar Geir Ove Vegsund (H) i Sula formannskap i går kveld då dei tilrådde kva kommunestyret bør meine om Bypakken.

Men ordføraren understrekar at Sula meiner at Bypakken er ein fordel for alle, og folk Sula vil vere med å betale for vegane dei brukar.

Det er viktig å få gode vegar, og han meiner at dei som har direkte nytte av vegen, også må betale. Det bør kome fleire bommar og bommen må flyttast frå Blindheim og heller ta av trafikken utover mot sentrum.

– Dei fleste som køyrer frå Sula skal til Moa eller byen, og at det uansett vert eit mindretal som får køyre E39 bomfritt, påpeikar ordføraren.

Må vege tungt

Sula kan ikkje leggje ned veto i bomsaka, men dei viser til at når så mange pendlar frå Sula til byen, så må meiningane til nabokommunane vege tungt når Ålesund formannskap og bystyre skal avgjere.

Sula skal torsdag ha omframt kommunestyremøte om bompengar. Dette viser kor viktig dei meiner saka er, og at deira syn må telje med i avgjerda.I tilrådinga heiter det at Sula prinsipielt er imot at einskildkommunar kan setje opp bomstasjonar på hovudvegar som ikkje er ein del av tiltakspakken.

Sula formannskap meiner at prinsippet om at den som får nytte av eit tiltak eller som brukar det skal betale, men dei synest at Ålesund formannskap har lagt for lita vekt på dette.

Det må vere ein føresetnad at det skal vere avgiftsfri ferdsel frå Sula og austover på stamveggen gjennom Spjelkavik i Ålesund. Det er urimeleg å ta bompengar av trafikk på E39 der det ikkje skal byggjast nye vegar.

Ålesund sentrum

Formannskapet seier også at dei prioriterte tiltaka i Bypakken i hovudsak tener Ålesund sentrum, men utan at trafikantane gjennom sentrum deltek i finansieringa. Trafikantar som skal til Moa eller sjukehuset utgjer største gruppa av dei som må betale, men utan at desse trafikantane får særleg nytte av dei nye vegane.

– Sula kommunestyre bør meine at ei dreiing mot vest, med direkte avgiftslegging på ferdsel til eller gjennom sentrum er det rette, tilrår formannskapet i Sula.

Dei er tilfreds med at folk skal betale berre ei bomavgift innan ein time på dagtid og to timar om kvelden, og dei støttar at folk ikkje skal betale meir enn 1000 kroner månaden i bompengar for kvar bil. Dei vil ha bomfritt for elevar til høgskulen og vidaregåande skular.

Dessutan meiner dei at ein må sjå transportsystemet i regionen i ein større samanheng, og at Bypakken må ta omsyn til framtidige regionale tiltak. Formannskapet synest prosessen har vore snever og med knapt tidsskjema. Statens vegvesen greier ut ein ny veg mellom Blindheim og Spjelkavik, og ordføraren opplyste at det nye løpet i Blindhjeimstunnelen ikkje skal finansierast i Bypakken.

I formannskapet var det fleire forslag til plassering av bomstasjonar, og hovudmelodien var at folk må betale der det vert bygt ny veg eller dagens veg vert utbetra.