– Låg oljepris er ein kjempefordel for fiskeriaktiviteten; lågare kostnader og betre betaling. Vi kan nesten snakke om ein høgkonjunktur på dette området, fortel Stig Remøy til Temp, fylkeskommunen sitt konjunkturbarometer.

Mørekonferansen

Tysdag føremiddag startar Mørekonferansen, som fylkeskommunen arrangerer. Der blir det mellom anna fokusert på næringsutvikling og byutvikling. Vel 200 deltagere fra hele  Møre og Romsdal er samlet i konferansesalen til Scandic Parken i Ålesund. Tema for konferansen er "Tid for å skape".

Olympic Shipping kom seg godt ut av fjoråret, men på same måte som andre selskap har det butta sterkt imot i år. Reiarlaget har no fire offshorefarty i bøyene.

Innhenting i 2017

– Mange sett si lit til at oljeprisane skal styrke seg fram mot 2018, seier Remøy.

– 2017 er ikkje tapt enno, men det blir neppe ein marknad slik vi har sett dei siste åra. Kanskje kan vi oppleve ein auke i oljeprisen utover i 2016, og då vil eg kalle 2017 eit innhentingsår. Ein oljepris på 70–80 dollar fatet i 2017 vil ha om lag same verknad på bransjen som 120 dollar fatet hadde i 2014 – fordi selskapa reduserer kostnadene og effektiviserer, resonnerer Remøy til Temp.

Rammevilkår

Han ser også nye moglegheiter i marknaden:

– Det er viktig at styresmaktene lagar rammevilkår for dei næringane som kan investere i Noreg. Det er mange område du kan nytte leverandørindustrien som fiskeri og andre marine aktivitetar. Styresmak tene må bruke dei verkemidla dei har; tenkje nytt og kreativt med omsyn til Innovasjon Norge, GIEK og liknande instrument.

Styresmaktene må i det heile ta ein del av risikoen ved det som kan bli det grøne skiftet for norsk næringsliv.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Tid for å skape

Temp inneheld elles kommentar og analyser for alle dei viktigaste næringane i Møre og Romsdal.

Næringssjef Regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal Fylkeskommune meiner det er tid for nyskaping.

I sin kommentar skriv regional- og næringssjef, Bergljot Landstad at det no er tid for å skape. Særleg ser ho store moglegheiter i næringar som til no har levd i petroleumsskuggen.

Den låge kronekursen aukar marknadstilgangen og styrkar rekrutteringa i  andre næringar som heile den marine verdikjeda, møbel, plastindustri og prosessindustri.

Gründarar

– Vi ser nå stor auke i interessa for å starte eiga bedrift, og auke i talet på nyetablerarar. Vi må ha eit til - gjengeleg og kvalitativt godt støtte apparat med tilpassa verkemiddel, gründernettverket hoppid.no er viktig i Møre og Romsdal, skriv Landstad.