Politiet iverksette i ettermiddag ein redningsaksjon i Ørsta, etter at ein gut og ei jente i  20-åra hadde gått seg fast på toppen av Jønshornet.

– Det var tjukk tåke, og det regna. Dei var våte og kalde, og verken turde eller klarte å gå vidare, fortel operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Tåka var for tjukk til å bruke redningshelikopter, og den alpine redningsgruppa i Ørsta og Volda måtte derfor iverksetje ein redningsaksjon på fjellet.

Dei fann dei to, som var kalde og slitne, men det går elles bra med dei. Ifølgje Harang klokka halv ti måndag kveld vart dei tatt trygt med ned att til låglandet.