Vegvesenet hadde tungbil-kontroll på E136 både i natt, i går og på måndag. Alle kontrollane var på Horgheim i Romsdalen.

Og resultatet er omtrent som venta, ifølgje Runar Inge Larsen. Han er leiar av tungbilgruppa i Vegvesenet i Møre og Romsdal.

Køyreforbod

Dette er resultatet etter dei tre kontrollane denne veka:

  • Fire har fått køyreforbod på grunn av manglande sikring eller merking av lasta.

  • Tre fekk køyreforbod på grunn av tekniske forhold med bilen.

  • Tre sjåførar mangla dokument, av desse er ein sjåfør politimeldt.

  • To fekk bot på 8.000 kroner for å ikkje ha bombrikkeavtale.

  • Og ein må betale overlastgebyr på 10.600 kroner.

– I natt var det relativt lite trafikk, men blant dei som kom var det ein del å ta tak i, seier Larsen onsdag føremiddag.

Mangla transportdokument

Kvart år blir meir enn 100 sjåførar politimeldt av tungbilgruppa til Vegvesenet i fylket, ifølgje Larsen. Dei fleste er politimeldt for å ikkje halde reglane om køyre- og kviletid.

Det er ikkje uvanleg at sjåførar blir politimeldt for feil lastsikring eller vektfordeling eller for manglar ved dekka.

Runar Inge Larsen i Statens vegvesen. Foto: Per Tormod Nilsen

I dei tre kontrollane denne veka er det berre éin som er politimeldt, for mistanke om ulovleg

kabotasje

.

Kabotasje er transport mellom stader i eit anna land enn der transportøren høyrer heime. Det er lov med tre slike interntransportar i løpet av ei veke.

– Det var ein utanlandsk bil der det mangla transportdokument. Då blir sjåføren politimeldt.

– Når det gjeld køyre- og kviletid, var alt berre bra i kontrollane vi har hatt denne veka, seier Larsen.

Dårleg sikra last

Det er også typisk at relativt mange må sikre lasta betre.

– Feil lastsikring skjer hyppig. Vanlegvis kan sjåførane ordne dette på staden. Det er ikkje mange tilfelle som er så alvorleg som det vi ser på bildet over, seier Larsen.

Gjør som mer enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook