Fylkesrådmannen la måndag fram forslag til økonomiplan for perioden 2015-2018 og budsjett for 2015.

Ambisiøs

Investeringsplanen er ambisiøs, med eit investeringsbudsjett på heile 4,6 milliardar kroner dei neste fire åra.

I framlegget til økonomiplan er det i 2015 sett av 3491,2 millionar til drift av Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2015 kjem ein til å bruke 1,5 milliardar kroner på dei vidaregåande skulane og 1,3 milliardar kroner på samferdselssektoren.

Skulebygg

I 2015 foreslår fylkesrådmannen at det skal brukast 285 millionar kroner til opprusting og nytbygg av skular. Den største utbygginga gjeld Romsdal videregående skole, der det er sett av 90 millionar kroner.

Det skal investerast for nær 700 millionar kroner på fylkesvegane. Rassikring på Røyr/Hellesylt, oppgradering av Fannefjordtunnelen og Driva bru er store prosjekt.

Åtvaring

- Fylkeskommunen vil ha eit veldig høgt drifts- og investeringsnivå dei neste fire åra. Nivået er høgare enn vi har frie inntekter til å handtere, og for alle fire åra av planen må vi saldere budsjettet ved bruk av driftsfond. Det betyr at drifts- og investeringsnivået vårt ligg for høgt i høve til dei rammeoverføringane vi får frå staten og prognosane på skatteinntektene. Bruk av fond til å balansere dei årlege budsjetta er ikkje eit berekraftig opplegg på sikt, åtvarar Guttelvik.

Langsiktige konsekvensar

Han seier at ser ein litt lenger fram i tid enn dei neste fire åra som framlegget til økonomiplan dekkjer, til dømes 10 år, ser ein at vedtekne investeringsprosjekt vil påverke fylkeskommunens sitt økonomiske handlingsrom i stor grad.

- Dersom fylkeskommunen skal kunne ha økonomisk berekraft til å handtere så store investeringsprosjekt, må vi allereie no skaffe oss økonomisk handlingsrom ved å redusere på det generelle driftsnivået. For å kunne klare det, må fylkeskommunen sjå på struktur og tilbod, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik gjennom ei pressemelding som fylkeskommunen har sendt ut.