– Ei enorm ære, seier Lødemel på telefon til Sunnmørsposten. På onsdag mottok ho prisen framfor 600 deltakarar på MOT sitt årsmøte i Stjørdal.

– Ein sterk bidragsytar

I juryen si grunngjeving stod det blant anna:

«Margun har bidratt til at hundrevis for ikkje å seie tusenvis av ungdomar i Stryn har fått styrka motet sitt og blitt betre på å ta gode val og vise mot til å bry seg, leve og sei nei. Margun er ein sterk bidragsytar til å skape prestasjon, eigarskap og glede i lokalsamfunnet»

– Eg brenn veldig for at born og unge skal ha det trygt og godt. Skulen er ikkje noko ein kan velje vekk, som ein kan i ein jobb. Derfor er det viktig at vi i MOT bidreg til at elevane skal bli tryggare på seg sjølv og på klassekameratane, seier Lødemel.

Informatør sidan 2005

Mot er en organisasjon som jobbar for et trygt ungdomsmiljø. Lødemel er ein av to MOT-informatørar som er ansatt i Stryn kommune for å drive haldningskapande arbeid i 8.-9.-og 10.-klasse ved Stryn ungdomskule. I tillegg til å være lærar på Tonning skule, har ho vore MOT-informatør sidan 2005.