Vatne og Dale er politiske motstandarar, men når det gjeld Nordøyvegen har dei tydelegvis funne kvarandre.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik orienterte om ulike signal som har kome frå Vegdirektoratet, mellom anna om kor vidt ein skal gå i gang med ekstern kvalitetssikring, KS2.

Guttelvik fortalde at dei har skrive brev til Vegdirektoratet sin overordna, Samferdselsdepartementet, der det vert bede om ei avklaring.

Oddbjørn Vatne, som er gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget og leiar i samferdselsutvalet, minte også om brevet frå Leif Magne Lillebakk i Statens vegvesen, der det går fram at det ikkje er korrekt at KS2 skal vere stoppa. Grunnen skal vere ei mistyding.

– Vi har her opplevd skuffande mykje rot, sa Vatne som var lite nøgd med at Vegdirektoratet gir så ulike signal.

– Ei unnskyldning kan vere at dette er det første store fylkeskommunale vegprosjektet i sitt slag som skal gjennom mølla, sa Vatne som fortalde at statssekretær Jon Georg Dale (Frp) har lova at svarbrevet frå departementet kjem enten denne veka eller neste.