Tysdag ettermiddag sender politiet ut ei pressemelding der dei etterlyser fleire tips. Fredag meinte politiet å vite kven gjerningspersonen var, dette har politiet no gått bort frå.

– Politiet har ikkje nokon konkret mistenkt i saka og derfor er det så viktig å få inn fleire tips, skriv politiet.

Dette er pressemeldinga frå Sunnmøre politidistrikt:

«Ei seks år gamal jente opplevde at ho vart trua av ein ukjend mann. Dette skal ha hendt fredag 7. august i Nedreskodjevegen i Skodje kommune litt før klokka 16.00. Politiet ynskjer kontakt med folk som har aktuelle observasjonar som kan hjelpe med oppklaringa av saka.

Jenta på seks år opplevde å verte halden for munnen og seier ho vart trua på livet av den ukjende mannen. Jenta kom seg laus og ropte på hjelp. Då skal manne ha forsvunne.

– Vi har ikkje vitne til denne hendinga i Nedreskodjevegen. Politiet ynskjer derfor å kome i kontakt med folk som kan ha gjort observasjonar, spesielt i det aktuelle området før og etter klokka 16.00 fredag 7. august, seier lensmann Renate Grande Skodje ved Ørskog lensmannskontor.

– Vi er i gang med etterforskinga av saka og det er avhøyrt ein del personar. Politiet har ikkje nokon konkret mistenkt i saka og derfor er det så viktig å få inn fleire tips.

– Om du sit inne med opplysningar som kan vere med på å løyse saka ber vi deg om å snarast ta kontakt med politiet. Alle tips er av interessante for oss og du når politiet på telefon 70 11 87 00.»

Du kan også tipse Sunnmørsposten.

Tips til Sunnmørsposten: Telefon: 95 400 400 || Epost: 95400400@smp.no || SMS 95 400 400