Siste: Klokka 20.48 fekk 110-sentralen melding om at brannen var sløkt. Det blir likevel halde vakt på staden natt til tysdag.

19.50 melder 110-sentralen til smp.no at brannvesenet no har fått brannen under kontroll.

- Det var ikkje behov for skogbrannhelikopteret, seier dei.

- Dei driv og dynkar med vatn no, og har kontroll på situasjonen.

Klokka 17.08 sa 110-sentralen til smp.no at dei har mista litt kontroll over brannen.

17.39 var brannen framleis ute av kontroll, ifølgje Sindre Furnes ved 110-sentralen.

Deii tok kontakt med sivilforsvaret, og eit skogbrannhelikopter var på veg til staden.

Brann skikkeleg

Carl-Henrik Moltumyr var på staden for smp.no, og seier at brannvesenet jobbar på spreng i fjellsida for å slokke brannen.

- Ein ser at det brenn skikkeleg, og det er ein del røyk.

Starta i høgspentledning

- Det var eit straumbrot der ute, så brannen har sannsynlegvis starta i ei høgspentledning, seier Paul Ola Vestre ved 110-sentralen.

Herøy brannvesen er i Sande med tankbil for å bistå i slukkinga. Hareid og Ulstein brannvesen er også på staden.

Brannen foregår i vegetasjon, i området Almestad i Gursken.