Etter at politiet på Sunnmøre blei meldt til Språkrådet for lite bruk av nynorsk i sine twittermeldingar, kom reaksjonen måndag kveld.

I rask rekkefølgje kom først ei melding om ei tresnekke som var stolen i nynorskkommunen Giske - på nynorsk. Ti minuttar seinare kom meldinga om ein «politikontroll av køyrety i Ulstein», frå politiet sin twitterkonto.

  • Bør politiet på Sunnmøre skrive på nynorsk - bruk kommentarfeltet under saka !

Meldt til språkrådet

Det var NRK Møre og Romsdal som måndag omtala at Norsk Målungdom meiner at politidistriktet systematisk bryt mållova.

Dei fleste meldingane til politidistriktet på twitter  er på bokmål, trass i at det berre er Ålesund av dei 17 kommunane i distriktet, som nyttar bokmål som offisielt språk.

– Det er viktig å syne fram det norske språkmangfaldet. Det er ikkje noko gale med bokmål, men det er viktig at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i offentleg bruk sidan dei er ein minoritet, uttalte nestleiar og stordaling, Kristofer Olai Ravn Stavseng, i Norsk Målungdom til NRK.

– Har vore tema

Operasjonsleiar John Kåre Flo ler først godt når smp.no spør om bakgrunnen for meldingane.

– Synst du ikkje er det er fint at eg skriv nynorsk då, spør han.

– Er skriftforma ein reaksjon på meldinga frå Norsk Målungdom?

– Ja, det har vore eit tema hos oss. Difor tenkte eg, at eg fekk yte min skjerv til arbeidet til mållaget, svarar Flo.

Følg smp.no på Facebook

– Treng meir tid

Operasjonsleiaren fortel at han ikkje nyttar nynorsk til vanleg, og spør om korleis han kom ut når det gjeldt rettskriving.

– Kva vil du seie om det å nytte nynorsk i den arbeidssituasjonen du er i?

– Eg treng litt meir tid når eg skal skrive nynorsk kontra bokmål. Så om det er noko som hastar, må folk godta at eg skriv bokmål. Men har eg tida, så skal eg forsøke å skrive nynorsk, legg han til.

PS! Det blei berre gitt «munnlege påbod» til dei 50 bilistane politiet kontrollerte i Ulstein måndag.

Kva meiner du? Bør politiet på Sunnmøre skrive på nynorsk?

Operasjonsleiar John Kåre Flo fortel at han til dagleg nyttar bokmål, men at han vil forsøke å skrive nynorsk - når tida tillet det. Foto: Knut Arne Aarset