Talet på einslige mindreårige asylsøkjarar har auka drastisk dei siste to åra. Det gir nye behov for verjeordninga som fylkesmannen i Møre og Romsdal handterer.

I 2013 hadde mottaka i fylket om lag 30 slike plassar, medan det i løpet av hausten vil vere 200 plassar.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Fylkesmannen etterlyser no fleire som ønskjer å vere verje - og behovet er særleg stort i Volda, Ulstein og Hareid.

– Viktig samfunnsoppdrag

Einslige mindreårige asylsøkjarar har rett på å få oppnemnt  ein verje, som skal ta vare på interessene deira.

– Dette er eit viktig samfunnsoppdrag, påpeiker Helge Mogstad, som er direktør for justis- og beredskapsavdelinga hos fylkesmannen.

Det stillast ikkje formelle krav, og både yngre og eldre folk kan ta på seg slike oppdrag.

Les også: Tek i mot flyktningar for første gong på ti år

Det er også ei auke i behovet for vanlege verjer i Ålesund-området.

Har fått meir pengar

Det er drygt to år sidan fylkesmannen tok over oppgåvene med verjemål. Sunnmørsposten skreiv i sommar om ei avdeling med knappe ressursar og vanskar med å nå over oppgåvene sine.

– Har situasjonen betra seg sidan då?

– Ja, vi har fått ekstra pengar til å handtere mindreårige asylsøkjarar og ei viss auke i framlegget til neste års statsbudsjett, fortel Mogstad.