Det melder Herøynytt.

Det er førebels ikkje konkludert om «Ullensvang» er eigna til å gå i sambandet Sulesund - Hareid frå 2015, skriv avisa.

Seksjonssjef Knut Arve Orten Lie i Statens vegvesen var om bord i ferja.

Hovudinntrykket til Orten Lie er at trafikken torsdag har gått atskilleg betre enn måndag, som var første dag «Ullensvang» gjekk i sambandet.

- Forplantar seg

– Vi føler framleis behov for å reflektere rundt det vi har sett og registrert. Vi har undersøkt kor lang tid det tar med avkøyring og ombordkøyring. Vi har sett på fordelinga av bilar på dei to dekka. Vi har snakka med mannskap og skipper. Og når det har vore attståande trafikk, har vi registrert det, seier Orten Lie til Herøynytt.

Inntrykket er at når forseinkingar oppstår, så forplantar og kanskje forsterkar dei seg vidare utover dagen. Utover det vil ikkje Orten Lie konkludere no.

Rapport

Ein rapport frå Statens vegvesen skal bli levert til fylkeskommunen allereie fredag.

– Så vil Norled få mulegheit til å uttale seg, og det vil verte ein dialog mellom oppdragsgjevar og reiarlag, seier seksjonsleiar Dag Hole i Møre og Romsdal fylkeskommune til Herøynytt.

Bilde av køa på Hareid klokka 17.05 i dag.