Dette går fram av ein prognose som er utarbeidd i samband med førebuingane til fusjon mellom Tussa og Tafjord sine nettselskap. Prognosen viser at det i dag er liten skilnad mellom tariffen i distribusjonsnettet (nettleiga) til selskapa.

Men dei neste fem åra vil tariffen knytt til Tussa sitt nett auke kraftig. Også Tafjord sin tariff vil stige, men ikkje så mykje.

Dyrare nettleige

I denne perioden skal det gjerast investeringar som alt er vedteke.

– Auken i tariffen kjem ikkje som følgje av fusjonen, og vil kome uavhengig av om fusjonen vert gjennomført, står det i eit dokument som Sunnmørsposten har fått tilgang til.

Tariffen vil så gå nedover igjen frå om lag 2018, men prognosen viser at tariffen for Tussa sin del av nettet vil ligg om lag fire øre over Tafjord.

– Det er generelt høgare kostnader med nettet i lite tettbygde strok, enn i tettbygde strok som Ålesund. Prognosen tilseier skilnader, men ikkje store skilnader, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.

Les fleire nyheiter frå søre Sunnmøre her

Redd nettleige-fokus

Tariffen i eit fusjonert selskap vil ligge mellom den høgare Tussa-prisen og lågare Tafjord-prisen - fram til om lag 2030.

– I prognosane er det bakt inn at Tussa skal gjere store investeringar på kort sikt, medan Tafjord skal gjere det på lang sikt. Så dette vil svinge, seier Elling Dybdal.

Han meiner det er uheldig dersom det no vert eit einsidig fokus på nettleige i samband med fusjonsplanane.

– Ein eventuell fusjon vil utvikle seg i ei retning som også vil kome nettkundane i Tafjord til gode. Ein må og sjå på fordelane ved å utvikle eit sterkt nettselskap, som mellom anna vil gi større forsyningssikkerheit - noko som vil gi reduserte utfall og det er høgt prioritert. Dette vil også føre til reduserte kostnader, seier Elling Dybdal.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland her

Legg ned i Ørsta

Etter det Sunnmørsposten kjenner til, ligg det og føre ei tilråding frå dei som har arbeidd med å førebu fusjonen om ein felles vaktsentral for Tussa Nett og Tafjord Kraftnett i Ålesund. Det betyr nedlegging av sentralen i Ørsta, med rundt sju tilsette.

– Dette kan eg ikkje kommentere. Styra i kraftselskapa ta stilling til fusjonen i neste veke, så ingenting er vedteke, seier Elling Dybdal.

Elling Dybdal i Tussa.