– Vi kan ikkje stoppe utviklinga. Kunstig intelligens er noko som er kome for å bli, på same måte som PC-ane i si tid tok over for skrivemaskinene.
Det seier Reidar Opsal, redaktør i Bygdebladet, lokalavisa som dekker fleire kommunar frå basen deira på Sjøholt.
At aviser brukar illustrasjonsfoto er ikkje noko nytt. Typisk har mange nytta foto av politibilar etter hendingar, og foto av rettssalar i samband med rettssaker.
Illustrasjonane til Bygdebladet er derimot langt meir kreative og fargerike.
Starta i november
Saka «Med hasj i blodet over Ørskogfjellet» er til dømes illustrert i grønt, svart og kvitt med illustrasjonar av både ein bil, fleire handjern, hasjplantar, trafikkskilt og ein del anna.
Ifølgje Reidar Opsal var dette noko dei begynte med i november.
– Det fungerer slik at ein skriv inn nokre stikkord i eit dataprogram. Så får ein illustrasjon i retur. Det er ikkje slik at vi brukar dette til mange saker, men vi har gjort det nokre gonger, fortel redaktøren.
Angra på eitt bilete
Med så mykje anna som er nytt blir det litt prøving og feiling i starten.
Ein av illustrasjonane Bygdebladet la ut angrar Reidar Opsal på no.
Dette var ein illustrasjon av ein gjeng som røykte. Denne vart altfor lik eit ekte bilete.
– Og slikt kjem vi ikkje til å halde fram med, varslar Opsal.
– Todelt diskusjon
Ekspert i presseetikk, Gunnar Bodahl-Johansen, har sett på illustrasjonane til Bygdebladet.
Han meiner diskusjonen om illustrasjonsfoto ved hjelp av kunstig intelligens er todelt.
– For det første må ein ikkje endre verkelegheita med kunstig intelligens, slik at folk ser ei verkelegheit som ikkje er der. Det blir manipulasjon. I tilfelle ville det ha vore brot på presseetikken, seier Bodahl-Johansen.
For det andre meiner han at ein ikkje må utstyre alvorlege saker med humorbilete.
– Illustrasjonar kan fungere, slik som i tilfellet med cruisesaka til Bygdebladet. Annleis blir det når ein brukar humorbilete til å illustrere alvorlege saker. Det er i alle fall dårleg journalistikk, meiner eg. Mange vil også hevde det er brot på god presseskikk, seier Bodahl-Johansen.
– Presseetisk forsvarleg
Ein av illustrasjonane til Bygdebladet skal vise ein 19-åring som vart tatt for ruskøyring i Brusdalen (sjå toppbiletet).
Denne typen illustrasjon meiner Reidar Opsal er innanfor det forsvarlege når det gjeld presseetikken.
– Vi identifiserer ingen her. Illustrasjonen liknar ikkje på nokon. Alle ser at dette ikkje er ein ekte person, seier Opsal.
Han ser dermed ingen presseetiske utfordringar med ein slik illustrasjon.
– Vi bryt ikkje Ver varsam-plakaten her. Vi skriv at det er ein 19-åring og kvar ruskøyringa skjedde, men det er mange 19-åringar på Sunnmøre, kommenterer Opsal.
Trur fleire kjem etter
Så vidt Sunnmørsposten kjenner til er det per i dag ingen andre aviser enn Bygdebladet på Nordvestlandet som i nemneverdig grad brukar illustrasjonar laga av kunstig intelligens.
Reidar Opsal er derimot ikkje i tvil om at fleire kjem til å kome etter.
– Vi ser jo også at kunstig intelligens er i ferd med å kome inn i skulen som pensum. Det handlar ikkje om å unngå kunstig intelligens, men korleis ein kan brukte det på ein god og etisk forsvarleg måte. Kunstig intelligens er noko alle kjem til å måtte forhalde seg til, seier Bygdebladet-redaktøren.