Om lag halvparten av dette er inne i fireårsplanen for investeringar som er under politisk handsaming denne hausten. Tek ein med utbygging som ikkje blir realisert før etter 2020, blir kostnadene truleg nærare fire milliardar kroner.

– Dette er heilt naudsynte investeringar. Fleire av skulane er bygd på 1970-talet. Sjølv om dei er godt haldne ved like, har samfunnet, pedagogikken og innhaldet i skulen utvikla seg, seier fylkesutdanningssjef Sverre Hollen til Sunnmørsposten.

Utviding i byane

Fylket har til saman 21 vidaregåande skular, men byane stikk av med det meste av investeringar. Skulane i dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund er blitt eller vil bli påkosta for vel 2,8 milliardar kroner mellom 2004 og 2019. Då er det også tatt med vidare planar om utbygging ved ålesundsskular, til dømes sørsida i bysentrum. Fram mot 2020 vil dei fire vidaregåande skulane i Ålesund ha 40 prosent av elevane innan vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.

– Det er i byane auken i folketalet skjer. Difor er det trong for å utvide skulane der, seier byggje- og vedlikehaldssjef Per Olaf Skuseth Brækkan i fylkeskommunen. Utdanningssjef Sverre Hollen legg til at endringar i kommunikasjonane og eit politisk ønske om å satse på byregionane gjer det naturleg å fornye skulane i byane.

– Kva vil dette ha å seie for dei vidaregåande skulane i distriktet?

– Det er avhengig av ungdomskulla i dei ulike regionane. Det skjer ei dragning mot dei tre, fire store arbeidsmarknadene. Skulestrukturen blir ei politisk utfordring dei neste fem til ti åra, meiner Hollen.

Den største investeringa i fylket sin langtidsplan kjem ved Romsdal vidaregåande skule i Molde. Der vil det andre byggjesteget stikke av med nærare ein halv milliard kroner.

Fagerlia-utbygging

I utbygginga av Fagerlia vidaregåande skule er det sett av 230 millionar kroner i langtidsbudsjettet. Men det kan bli dyrare enn det. Med eit andre byggjesteg, som blir avslutta i 2023, vil kostnadene bli rundt 432 millionar kroner, inkludert hall for kroppsøving. Førebels er det berre laga eit byggjeprogram for Fagerlia vgs. som blir planlagt for 1140 elevar.

Den tredje største investeringa er første byggjesteget ved Spjelkavik vidaregåande skule. Prislapp: 180 millionar kroner til. Det er også sett av 105 millionar kroner til utviding av Ålesund vgs. dei neste fira åra, men utbygginga av skulen ved den nye sørsida i Ålesund kjem inn med 450.000 kroner etter 2019. Då er ikkje kostnadene som Ålesund kommune skal bidra med, til dømes kulturbygg, inne.

Sjølv om det skal investerast mykje til vidaregåande skule i byane i åra som kjem, er det allereie brukt meir enn 1,8 milliardar kroner dei ti siste åra. Størst har kostnadene blitt i Ålesund, der Borgund vgs. er bygd ut for 572 millionar kroner. Fagerlia er blitt rehabilitert for 64 millionar kroner. Molde vgs. skule har fått eit løft som har kosta 208 millionar kroner. Av dei prosjekta som skal gjennomførast og som har kome lengst i planlegginga, er Romsdal vidaregåande skule. Der er det utarbeidd eit 140 siders forprosjekt.

Skulen skal bli eit «utstillingsvindauge» for såkalla passivhus med massivtre og moderne ventilasjonsløysingar. Vona er difor at ein skal kunne spare store summar i drifta. Elevane kan gjere seg klar til innflytting i januar 2018.

Eiksundregionen

Fylkestinget skal i desember ta stilling til utviklingsplanane i Eiksundregionen, men dette er ikkje inne i den komande økonomiplanen. Totalt skal det investerast 793 millionar kroner i Ørsta, Herøy, Ulstein og Volda.

– Det er nok tvilsamt at desse utbyggingane kjem inn i økonomiplanen før etter 2018, seier fylkesutdanningssjefen. Han, meiner skulane i Herøy og Ørsta er mest utdaterte bygningsteknisk og har behov for tiltak. Kostnadene ved Ørsta vgs. er førebels tett opp mot 400 millionar kroner og Herøy 216 mill. kroner.

– Etter dette vil det kome utbygging på Sørsida av Ålesund, men det er for tidleg å si kor mye den vil koste, seier Hollen.