I verkstadhallen på Mjølstadneset er det full aktivitet. Utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa blir produsert på løpande band.

– Fiskeri og brønnbåt er spennande næring i veldig vekst. Det er positivt at vi kan vere ei motvekt til det som skjer innan offshore, seier Roar Stenersen, administrerande direktør i Havyard MMC.

Åtte nye

Havyard-konsernet kuttar i år 100 årsverk som følgje av nedgangstider i offshore. Men Havyard MMC er i eit anna segment og opplever oppgangstider. No treng dei fleire folk til å få unna alt arbeidet.

– Vi har så mykje arbeid at vi ser på måtar å auke produksjonskapasiteten, seier Stenersen og legg til at dette også kan bli utanlands.I første omgang lyser dei ut opp mot åtte nye stillingar.

Kulde og automasjon

Dei treng tre-fire servicefolk innan kulde og automasjon. Det blir også lyst etter to-tre senioringeniørar og ein teknisk fagsjef.Selskapet satsar på produktutvikling og innovasjon, for å styrke bedrifta og sikre vidare vekst i framtida.– Viss vi får tak i rette folka no, vil det generere omsetning og ny aktivitet som gir behov for endå fleire folk, seier marknadsdirektør Gunnar Larsen i Havyard Group.

Liten risiko

I ei tid der det ikkje er så mange som søkjer etter nye tilsette, håpar Stenersen og Larsen at det er gode sjansar til å få tak i rette folka.

– Ein skulle tru det er tider for å få tak i mykje flinke folk no når mange er oppsagde. Men det er også mange som er usikre på om dei vil skifte jobb, sidan dei reknar med at sist tilsette blir først oppsagde, seier Stenersen og vurderer utsiktene i selskapet som gode:

Krevjande 1. kvartal

– Vi ser dette som ei ung næring som vil vekse. Folk treng mat, og det er liten risiko å gå inn i denne næringa. I år var første kvartal krevjande, men deretter har det gått oppover. Selskapet tener pengar, og omsetninga er venta å bli bortimot 260 millionar kroner i år. I 2016 vil det bli ytterlegare vekst.

– Vi har tru på framtida, og det vil skje mykje innan næringa, seier Stenersen.