Dette seier stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik (Frp) som møtte fram i Borgundkaupangen med 450.000 kroner frå statsbudsjettet. Frå før har dei fått 1,8 millionar kroner frå det store Holm-fondet i Ålesund, som Kjell Skorgevik representerte.

– Vi skal gjere meir for å få middelaldersoga fram i lyset, og vi skal lage ei ny utstilling som skal stå ferdig på slutten av dette året og som skal stå permanent, fortel Siw Solvang i Sunnmøre Museum.

Dei skal ta middelalderhuset i kaupangen meir i bruk, og fortelje meir tydeleg at her låg den største byen mellom Bjørgvin og Nidaros fram til Svartedauden og nedgangstida.

Maritimt

Middelaldermuseet har mykje å fortelje, også truleg om ting dei enno ikkje veit om. For Ivar G. Braaten opplyser at dei skal grave meir i marka, og dei skal hente fram opplysningar frå Katevågen der det ligg både restar av gamle skip og kaianlegg.

Dei har tru på at interessante ting er å finne i sjøen utanfor dette gamle byområdet, så også det maritime vert ein del av den nye moderne utstillinga.

– Det er for å gjere slike ting meir kjent for folk flest at vi legg 25 prosent på toppen av private gåver. Vi forsterkar gåvene, seier Harald Tom Nesvik.

Han sjølv brukte mykje tid som barn og ungdom i dette området, og hadde gjerne sett at dei då hadde fått vite meir om Borgundkaupangen. Meininga er at dette skal det verte ei endring på.

Den samla løyvinga til kulturløftet er 10 millionar kroner, så 450.000 kroner til Borgund er ein bra stor del, meinte Nesvik.

Løyser ut meir

– Eg trur nok at dette med gåveforsterking kjem til å løyse ut meir private pengar, seier styremedlem Kjell Skorgevik i Holm-stiftinga.

Den statlege ordninga skal gå til å forsterke private gåver til kunstkjøp til nasjonale og regionale kunstmuseum og pengegåver for å setje i stand norske musumsanlegg. Det er nødvendig å søkje om å få vere med i denne ordninga, og søknadene vert prioriterte etter kvart som dei kjem inn.

Kulturminister Thorhild Widvey seier at dei vil hjelpe til å få ut meir private pengar i kulturlivet. Private pengar og engasjement er eit viktig tillegg til offentleg finansiering. Dette året skal vere prøveår.