Eg har enno ikkje snakka med nokon som er positive til den nye ordninga. Og eg har snakka med mange, fordi dette har opptatt meg.

Men i innlegget til Britt Walle Ekroll i Smp 1. juni, fekk eg forklaringa. Takk til ho for det! Påstanden frå Årim må vel helst vere på grensa til det ein kan tillate seg.

Avfallsproblematikken er komplisert. Svært komplisert. Det betyr at få, om nokon, har den heile oversikta. Difor må dei fleste av oss gjere oss opp ei meining ut frå det fagpersonane fortel oss.

Må ta dunkene inn: Huseiere kan bli bøtelagt

Og når det er slik at ulike fagfolk har ulike vurderingar, ja då blir vi nøydde til å vurdere kven av desse fagpersonane vi vel å høyre på. Då står vi der sjølvsagt med eit problem.

Ein av dei mest erfarne innanfor dette feltet her i Ålesund, må vel vere Odd Helland, som både har utdanning og lang erfaring på området vi her snakkar om.

Når dei nye dunkane kjem, gjer eg difor fylgjande:

Den blå papirdunken får stå der han står, godt ute av vegen. Eg er ikkje overtydd om at det er best for miljøet å fylle den. Kanskje gjer papir og papp betre nytte for seg i omnen på Grautneset.

Det spørst kor lang transport det er til gjenvinning. Eg minskar i alle fall mengda ved å sette «Nei takk til reklame» på postkassa.

For matavfall held eg fram som før, dvs. at eg varmkomposterer den. Då får eg litt god mold som resultat. Det blir sjølvsagt slutt på redusert avgift. Mange er skeptiske til å sende matavfallet lange vegar for å produsere gass.

Alternativet til eigen jordproduksjon er grådunken og Grautneset. Matavfall har god brennverdi. Då står plast, glas og metall igjen.

Plast har svært god brennverdi og går til Grautneset i lag med restavfall frå mi einmannshushaldning.

Dersom Årim kunne la samlekonteinarane for glas bli ståande, ville eg levere dei få glasa mine der.

Viss ikkje, blir mitt glas til restavfall i oska frå omnane på Grautneset. Kanskje blir den sortert ut til resirkulasjon?

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dei to dunkane som blir til overs her hos meg, kan då nokon annan få gleda av.

Eg veit sjølvsagt at «toget er gått», som det heiter. Men vi har heldigvis framleis eit visst handlingsrom i vårt gode land!

Gunnar HerfjordÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.