I løpet av natta har ein raud Suzuki Ignis blitt stolen frå Eid i løpet av natta. Det melder Sogn og Fjordane politidistrikt på Twitter.

Bilen var ulåst med nøklane i då han vart stolen.

Politiet ber no om tips i saka. Registreringsnummeret på bilen er UA26494.

I full brann

Det er berre tre dagar sidan ein Porsche vart stolen frå samme kommune. Denne vart seinare funne i full brann.

Politiet melder også at det i løpet av natta er utført fleire skader på køyretøy og bustad i området rundt Sjøgata og Kaigata på Nordfjordeid.

I natt vart fleire vist bort frå festivalområdet på Malakoff-festivalen på Eid, på grunn av narkotika og overstadig rus. Ei kvinne kvart også frakta til sjukehus.